McCormick_X7.6_VT

Trinnlaus McCormick

CX-L-serien blir erstatta av X4, frå 61 til 102 hk. X6 på 111 og 121 hk tar over for X60 og MC. Og på toppen: Trinnlause X7 VT. Alt saman frå McCormick, med premiere på Agritechnica.

Publisert

X7-serien er alt lansert, med fem modellar frå 143 til 188 hk. Det nye er at traktorane får trinnlaus transmisjon som alternativ. Transmisjonen er levert av ZF. Dette blir McCormicks første trinnlause traktor. I den nye hytta finn du armlenebetjening, eit instrumentpanel som følgjer rattet, og ventilert førarsete. Både hytte og framaksling kan leverast med fjøring.

Nytt for dei mindre

McCormick har gjort det brukbart bra i Noreg med CX-L-serien, som saman med C-L blir erstatta av nye T4. Her er seks modellar som alle kan leverast med ulike utstyrnivå. Dei tre modellane frå 61 til 75 hk får ein 2,9-liters motor, mens dei tre mellom 81 og 102 hk har motorvolum på 3,6 liter. Alle får ein ny 12/12-transmisjon bygd av McCormicks morselskap Argo sin eigen transmisjonsfabrikk. Her er det rom for krypegir, kløtsjfritt vendegir, totrinns hurtiggir, redusert turtal i toppfart og mekanisk eller elektrohydraulisk betjent kraftuttak med to turtal.

Ny mellomklasse

MC-serien har vore ein bauta i McCormick si nye historie, berre i mindre grad endra frå CaseIH sine suksessmodellar like over 100 hk. No kjem to modellar i serien X6, som erstattar både MC og X60. Her er motoren frå FPT, den er på 4,5 liter, og har SCR eksosrensing. Dei to yter nominelt 111 og 121 hk, og byr på drygt 10 hk ekstraeffekt. Som forgjengarane er byggemåten kompakt. Transmisjonen har tre hurtiggir framover, og totalt 36/12 trinn. Kraftuttaktet kan leverast med fire turtal, mens du har valet mellom 66 l/min ope senter eller 110 l/min lukka senter-hydraulikk. Dei kan leverast som 50 km/h, med fjøra framaksling og med fjøra hytte.

Powered by Labrador CMS