1212reggraf

Totalt: 3642 traktorar

2012 går inn i historiebøkene som eit heilt greitt traktorår. John Deere er på ein litt lunken førsteplass, mens MF har langspurta til ein god andreplass, før New Holland på tredje.

Publisert

2012 ligg nesten eit par hundre traktorar bak fjoråret, men er samstundes godt over hundre traktorar betre enn snittet for dei føregåande fem åra. Ingen grunn til overforbruk av champagne i bransjen altså, men kake er ok. Totalmarknaden er tilbake fem prosent, og 178 traktorar om vi skal vere heilt nøyaktige. Kjelda vår, Opplysningsrådet for vegtrafikken, opererer med eit total-tal litt høgare enn vårt, fordi der ligg inne 12 Kramer hjullastarar som forunderleg nok har fått skilt i hekken, pluss ein ukjent. Vi i Bedre Gardsdrift er litt meir nøye på det, så vi tar ikkje med sånt som ikkje høyrer heime. Vi ventar også med dei to strekane under svaret til vi har sett på bakgrunnstala i detalj. Den komplette registreringsstatistikken, nyvaska og strigla, finn du i BG nr 1, i postkassen din i slutten av månaden.

Tap og vinn med John Deere

John Deere er vinnaren, men også ein av dei store taparane. Heller ikkje i desember klarer hjorten å hente seg opp på gamle høgder, og totalt gjennom året blir tilbakegangen heile 149 traktorar. På langt nær så stor tilbakegang at førsteplassen er truga, men nok til at marknadsandelen går tilbake 2,8 prosentpoeng, og med det klart mest av alle.

MF=mykje fart

Massey Ferguson har hatt eit godt år: Klart størst vekst i marknadsandel, og desse 3,6 prosentpoenga ser ut til å vere plukka frå alle dei store konkurrentane. Pluss 106 traktorar er eit godt tal i ein svakt fallande marknad. Som vanleg er MF største merke i desember, men ikkje så ekstremt som enkelte år tidlegare.

New Holland mista kvar tiande

Den blå traktorkjempa på tredje har tapt kvar tiande traktor frå i fjor til i år, men på grunn av ein litt svakare totalmarknad fell ikkje marknadsandelen like mykje. I tal traktorar er tilbakegangen omlag ein tredel av det John Deere går tilbake. Tredjeplassen er sikra for i år, men avstanden nedover er ikkje større enn 25 traktorar.

Valtra manglar futt

På fjerde følgjer Valtra, som kan true New Hollands tredjeplass utover i 2013, om ikkje den blå lurer fram gode kort frå ermet. Heller ikkje Valtra har noko voldsomt bra år å sjå tilbake på, etter både fallande marknadsandelar og 40 færre nyregistreringar.

CaseIH følgjer trenden

A-K maskiners raude traktor, også i år på femteplass, er knapt halvparten så stor som Valtra, og har tapt knapt halvparten så mange som Valtra målt mot 2011. Tilbakegangen er ørlite større enn tilbakegangen i totalmarknaden.

Deutza la Bomba!

Den lysegrøne italienske tyskaren tar desember med ein smell som får fyrverkeribatteri flest til å minne meir om kinaputtar. 62 nyregistreringar tilsvarer nær ein tredel av DF-registreringane gjennom året, og i desember er Deutz-Fahr på delt andreplass med Valtra etter MF. Det er nok til å suse inn på sjetteplass for året under eitt, og puste CaseIH i nakkehåra.

Claas og Fendt

Mens vi er inne på grøne traktorar: Claas kaprar sjuandeplassen etter ein uvanleg sterk desember, og går like mykje fram frå 2011 til 2012 som Deutz-Fahr: Pluss 12 traktorar. Fendt har fått skilt på fire færre enn i 2011, men aukar likevel marknadsandelen, fordi merket held betre stand enn totalmarknaden.

Zetor på nedtur

Er der eitt merke som verkeleg har lov å vere trist etter 2012, så er det Zetor. Nest etter John Deere og New Holland følgjer det tsjekkiske merket med minus 43 traktorar. Med andre ord har Zetor tapt kvar tredje traktor målt mot 2011.

McCormick har stabilisert seg

Her nede på botnen av lista har Zetor selskap av McCormick, som har opplevd store fall før. No er tidene betre, og situasjonen er omlag som i 2011.

Nummer 11

11-plassen må også nemnast. Den er delt. JCB er merke nummer fire i årets reg-stat med fleire registrerte traktorar i 2012 enn i 2011. 27 totalt er eit godt tal for den spesielle engelskmannen. Kubota har derimot ikkje hatt eit like godt år. 2012 enda på omlag tre fjerdedelar av 2011, så her er det noko som har butta imot.

Resten

Mellom småmerka er der ofte store hopp og sprett frå år til år, utan at vi skal gjere noko stort nummer utav det i denne runden. 19 merke har totalt skrudd skilt på 112 traktorar, noko som gir eit gjennomsnitt på seks traktorar pr. merke. Kioti og Foton går mest fram, mens Iseki, Lamborghini, Ferrari og Jinma er merke som går høvesvis mykje tilbake.

2012 som traktorår er sånn omlag midt på treet.

Powered by Labrador CMS