1306reg-graf

Slakk juni

Det er lite futt i registreringstala for juni. Normalen ville vore sånn omlag 340 traktorar. No er vi like under 300-streken. I toppen er styrkeforholdet som vanleg. Her er halvårs-oppsummeringa.

Publisert

Samla sett er første halvår ganske OK. 40 traktorar framom fjoråret, med 1809 totalt. Nesten på gjennomsnittet for dei seinare åra. Litt bak toppåra 2006-2007, men mykje betre enn 2009-2010. Held det fram slik, blir 2013 heilt grei. Juni er litt svak, men med ei fordeling mellom merka som ikkje endrar nemnande på styrkeforholdet mellom dei. Ein månad åleine er i alle høve for lite til å felle nokon stor dom, så vi gir deg halvårs-oppsummeringa i staden.

Merke for merke

Vi startar frå botnen, til avveksling: På dei aller minste er der knappast endringar som er verd å merke seg. Alle frå 13.-plass og nedover har heller ikkje nokon stort forhandlarnett i ryggen, og opplever tidvis prosentvis store variasjonar frå år til år. Unntaket er Iseki, importert av HCP, utan at det ser ut til å hjelpe stort på salet: Tilbake frå fem første halvår i fjor, til to no. JCB Fastrac er halvert frå 16 til åtte. Kubota har ein mindre nedgang (–3), men har ikkje fått heilt stødig fotfeste enno. Dei 16 merka frå plass nummer 11 og nedover har til saman fått registrert nøyaktig like mange traktorar første halvår som John Deere har i juni åleine.

HCPs to store er mindre

Zetor har det ikkje heilt lett for tida, og det skuldast nok i stor grad at alle dei store merka har lansert eigne billeg-seriar som konkurrerer direkte med tsjekkaren. Første halvår i fjor var status 40 registrerte. No er talet 24, trass i at Zetor har utvida sortimentet sitt mykje dei seinare åra. Heller ikkje HCPs andre store merke er i toppslag om dagen: Deutz-Fahr har fått skilt på 26 færre traktorar første halvår 2013 mot same periode 2012. Det er ein nedgang på 30 prosent, i ein svakt stigande marknad.

McCormick vender tilbake

Etter litt tøffe tider er McCormick på forsiktig veg oppatt. Merket har så langt i år registrert like mange traktorar som til og med august i fjor. Ser vi bort frå dei to i toppen, er det ingen merke med større framgang enn 'Cormic-en så langt i år, verken i prosent eller tal traktorar.

Fendt og Claas i pluss

Dei nest- og tredje mest populære grøne traktorane kan begge notere ein liten framgang så langt i år.

A-K litt bakover

New Holland er første merket frå tetgruppa som vi møter, her vi kjem nedafrå. Den blå er tilbake 25 traktorar frå første halvår i fjor, og det bidrar ikkje i rette leia at også CaseIH har tilbakegang. Nedturen er i sum nær 30 traktorar, og eit par poeng i tapt marknadsandel for importør A-K maskiner. Som importør må A-K nøye seg med fjerdeplassen.

Eik enda litt bakover

Massey Ferguson har 49 i minus, mens Fendt som nemnt går i pluss. Tilbakegangen samla er litt større enn for A-K. Plasseringa på lista er det for tida liten tvil om, med ganske nær 50 traktorar frå Valtras andre- til MFs tredjeplass, og derifrå til New Hollands fjerdeplass. Eikmaskin er tredje største traktorimportør.

Valtra fyrer jamt

Andreplassen er, slik vi er blitt vant til i det siste, reservert Valtra. Finnen held stø framdrift, og har gått kraftig fram frå i fjor: Nesten 100 traktorar betre enn første halvår den gongen gir formidabel vekst både i marknadsandel og totalt tal traktorar. Veksten er heile 41 prosent frå 2012 til 2013. Saman med ein svakt veksande Claas bidrar Valtra til at Lantmännen Maskin kan titulere seg nest største traktorimportøren i Noreg.

John Deere åleine i tet

Det er så vanleg å melde dette at det nesten er kjedeleg: John Deere held stø kurs med gode tal oppe på førsteplassen. Eit halvt år inne i 2013 er talet nyregistrerte gul-grøne 517, som er ein framgang på 45 frå same tid i fjor. Marknadsandelen er solide 28,6, fram nesten to prosentpoeng frå første halvår 2012. Avstanden ned til andreplassen er nesten 200 traktorar, så hjorten er ikkje truga på noko vis.

Ikkje på BGs liste

Den mest observante lesaren merkar seg kanskje at merke som David Brown, "Andre merker" og Kramer Allrad ikkje står opplista hos oss. Dette er køyrety som er blitt feilregistrerte hos Biltilsynet. Kramer Allrad er ein hjullastar som slett ikkje har noko i ein statistikk for traktor å gjere, mens dei fleste som veit litt om traktor forstår at Brown'en er litt gammal til å vere med her.

Powered by Labrador CMS