1309reg-graf

September som i fjor

September i fjor var god. Det var den i år og, om vi ser på traktorregistreringane. Dei tre første er temmeleg stabile, mens New Holland hentar seg litt opp.

Publisert

Alle som følgjer litt med veit at registreringsstatistikken kan svinge ganske så mykje frå månad til månad, av grunnar som ligg langt tilbake i tid, og som vanskeleg lar seg påverke. Det kan vere slike ting som tilfeldigheiter i når dei bestilte traktorane blir produserte, eller ketsjupeffekt knytt til typegodkjenningsrutinar hos Vegdirektoratet. Difor heftar ikkje vi ikkje så mykje tid på å sjekke merke for merke mot same månad i fjor, men det er jo artig å sjå at årets september i sum er akkurat identisk med september i fjor. Vel å merke når vi har luka ut ting som ikkje høyrer heime i statistikken, som feilaktig er hamna i talmaterialet som nyregistrert traktor.

Stødig i teten

Dei fire største fordeler marknaden mellom seg sånn grovt sett slik dei har gjort til no i år. John Deere er ørlite slakkare enn kva dei har vore til no i år, men stadig 70 traktorar framom fjoråret, og følgjer eit skjema som endar på over 1000 traktorar om siste kvartal blir normalt, og det er i så fall først gong sidan 2007.

Valtras beste etter 2004

Valtra er enda betre målt mot i fjor med pluss 117. Finnen står støtt på nest høgaste trinn på pallen, og om dette held fram får Valtra sitt beste år sidan 2004.

MF tilbake, men ikkje så verst

Hadde Massey Ferguson hatt same nivå som i fjor, ville dei vore større enn Valtra. Avstanden mellom dei to er 23 traktorar. MF ligg 54 bak fjoråret, og er det merket som har tapt flest i høve til 2012. Litt av forklaringa kan vere at MF er av dei hardast råka etter vegdirektoratets rot med typegodkjenningar av nye modellar. Årsresultatet kjem likevel ikkje til å bli så verst, om vi samanliknar med fleire år enn berre fjoråret.

New Holland må spurte

New Holland har også mykje nytt på veg inn, og ligg også godt på minussida målt mot fjoråret. I september har den blå henta seg litt inn, men her må det til ein heftig langspurt om pallplass er eit mål.

Fendt på veg mot all time high

CaseIH ligg på sin tradisjonelle femteplass, men må til å passe seg: Mens CaseIH går litt tilbake, kjem Fendt i høg fart bakfrå, og er på veg til sitt beste resultat i Noreg nokon gong i nyare tid.

Resten

Vidare på lista er situasjonen berre i mindre grad endra frå førre månad. Altså ligg Deutz-Fahr 10 traktorar bak fjorårsskjema, mens Zetor har tapt dobbelt så mykje. McCormick og Kubota er på plussida. I sum har alle traktorane nedanfor topp ti registrert færre traktorar enn Deutz-Fahr åleine på åttandeplass.

Importørane

Den suverene posisjonen til John Deere sikrar også felleskjøpa førsteplassen på importørlista. Eik klarer, ikkje minst takka vere Fendts innsats, andreplassen etter tre kvartal, ti traktorar framom Lantmännen Maskin. A-K tar fjerdeplassen, temmeleg nøyaktig med 2/3 så mange traktorar som FK. I marknadsandelar har FK 28,9 prosent, mens dei tre neste ligg mellom 20,8 og 19,4 prosent. Det kan elles nemnast at Agco er suverent største traktorleverandør, med 37,1 prosent.Meir eksakt ser importørlista slik ut etter tre kvartal av 2013: Felleskjøpa: 756 Eikmaskin: 543 Lantmännen: 533 A-K maskiner: 506 HCP: 145 Lena/Aase: 59

Powered by Labrador CMS