penger i mat_COLOURBOX7109814
penger i mat_COLOURBOX7109814

Rikdom og mat

Kapital har offentleggjort årets liste over dei 400 rikaste i landet. Ikkje uventa finn vi eit par matbaronar heilt i toppen.

Publisert

Odd Reitan har tent gode pengar på å selje mat, og er fjerde rikaste personen i Noreg.

Shippingmagnaten John Fredriksen er soleklart i tet med 90 milliardar i formue. Også han har kasta sine auge på mat, gjennom oppdrettsgiganten Marine Harvest.

Kjøpesenter- og hotellkongen Olav Thon har andreplass på landets mest anerkjente liste over folk med mykje pengar. Den mannen er oppvaksen på gard, og starta karriera med å selje pels. No rår han over 27,7 milliardar kroner.

På tredjeplass finn vi Johan Johannson, som saman med faren og onkelen eig over 70 prosent av NorgesGruppen. Det er kjeda som eig matbutikkar som Kiwi, Meny, Spar og Joker, i tillegg til MIX-kioskane, pizzakjeda Dolly Dimple's og svært mange andre kjeder det mat og drikke er vesentlege. For ikkje å gløyme Asko, grossistleddet til NorgesGruppen, som også distribuerer mat til storhushald. NorgesGruppen står også bak merkevarene First Price og Eldorado, for å halde oss til det som er basert på landbruksprodukt. Johan Johannson står oppført med 26 milliardar kroner i formue.

Fjerdeplassen går til colonialmajor Odd Reitan, mannen bak Rema 1000, eit selskap som gjerne vil ha større hand også om foredlingsleddet. Med sal av billeg mat som grunnlag for bissnissen har han bygd seg ein formue på 25,25 milliardar kroner.

Vil du bli rik, sats på mat. I rette enden av næringskjeda.

Kor mykje pengar er dette eigentleg? Vi kan gjere reknestykket ganske enkelt, berre som eit tankeeksperiment. Om vi fordelte formuane til Reitan og Johannson på dei knapt 43 000 som søkjer produksjonstilskot i jordbruket, ville kvar enkelt hatt omlag 1,2 millionar kroner i formue.

Så om du skulle vere i tvil, det er pengar i mat.

Powered by Labrador CMS