1305reg-graf

Mild traktor-mai

John Deere knallar til med kjemperesultat i mai. Elles er det ein mild månad, om enn ikkje skjønnare enn at det må til på traktorsida. 

Publisert

Årets mai er ikkje utprega sterk, heller ikkje på registreringsstatistikken, men så er da også mai generelt ein særs variabel månad. Vi ligg over snittet for dei siste fem åra, og året til no ligg stadig seks prosent framom fjoråret.

John Deere forsyner seg svært grovt av kaka, med nesten fire av ti kakestykke. Massey Ferguson tar nesten halvparten så mange, mens Valtra og New Holland ligg omlag på halvparten av MF att. Faktisk har CaseIH fleire nyregistrerte i mai enn New Holland. Også Fendt og Claas gjer det betre enn normalt, mens Deutz-Fahr stadig ligg bakpå.

Målt mot fjoråret har John Deere god framgang. Valtra har enda meir å skryte av, med +88. Massey og New Holland ligg begge 25 traktorar bak skjema frå i fjor, i ein stigande marknad.

Så langt i år er Felleskjøpet klart største importør med 449 traktorar, før Lantmännen maskin med 338. Deretter følgjer Eik og A-K tett i tett, med 295 og 283. Til samanlikning har HCP fått registrert ni fleire traktorar til no i år enn Massey Ferguson har åleine i mai.

Stort meir føler vi ikkje for å seie etter fem månader av 2013. Greitt nok, i alle fall året under eitt. Dei enkelte merka har til dels store svingingar no, knytt til innføringa av nye modellar og kva som blir typegodkjent når, så å tvære ut ein månadsstatistikk meir denne gongen lar vi vere.

Powered by Labrador CMS