svindel-faktura.jpg
svindel-faktura.jpg

Kraftig auke i falske fakturaer

Svenske ATL melder om ein kraftig auke i rapportar om falske fakturaer, særleg retta mot mindre verksemder som eksempelvis bønder.

Publisert

Norsk døme på svindenfaktura.

Det vil vere naivt å tru at det ikkje skjer slikt her i landet. Så har vi da også stadig kommentarar mellom anna i debattforumet på gardsdrift.no, som viser at norske bønder har kjennskap til problemet. Du finn opptil fleire trådar om du blar deg bakover her.

Første halvår i år vart det meldt om totalt 8398 forsøk på faktura-bedrageri i Sverige, som er høgaste talet som er registrert etter at statistikken på dette vart etablert i 2004. Det melder ATL.nu.

- Dette er nok diverre berre toppen av isfjellet. Berre eit fåtal av dei melde tilfella fører til rettargang og fellande dom, seier Rolf Dahlberg i Visma Spcs, som har fått jobben med å føre statistikken. Han meiner dei høge tala og mangelen på domfelling bør vere eit varsko til styresmaktene om å sette inn enda tøffare tiltak mot svindlarane.

- I stor grad er det dei mindre føretaka som vert råka. I Sverige er det særleg Skåne og Stockholm som er utsett, men vi ser ein auke også i mange andre distrikt, åtvarar Dahlberg.

"
Powered by Labrador CMS