claas axion 850 toty2014

Årets traktor: Claas Axion 850

For første gong vinn Claas tittelen Tractor of the year, med nye og solide Axion 850. Prisen for best design går til Lamborghini Nitro. Aebi VT 450 Vario er årets spesialtraktor.

Publisert

Årets traktor 2014: Claas Axion 850.

Kåringa fann stad på første dag av årets Agritechnica-utstilling i Hannover. Claas, som i år feirar 100 år som selskap og 10 år som traktorprodusent, er svært stolt over tildelinga. Med god grunn. Axion 850 er ein god traktor som skil seg positivt ut. Vinnarmodellen har ein FPT-motor på 264 hk, ein velfungerande 24/24 mekanisk transmisjon og svært godt førarmiljø i den firepunkts-fjøra hytta som frå før er vist på Axion 900. Traktoren har ei rekkje praktiske og funksjonelle løysingar. Claas kan smykke seg med TOTY-logoen i heile 2014. Bedre Gardsdrift har sjølvsagt prøvd traktoren, og omtaler den i nummer 9/2013.

Stilfull italienar

Årets traktor 2014 - best design: Lamborghini Nitro.

Lamborghini Nitro er søsterserien til Deutz-Fahr 5100. Under skalet er dei like, men utanpå har lakkavdelinga fått boltre seg litt ekstra på den kvite italienaren. Lamborghini har nemleg tatt tilbake sin gamle kvitfarge, men ikkje berre det: Bakover panseret går ei tøff, svart stripe, og heile framtoninga av traktoren gjer Nitro til noko litt utanom det vanlege. Samstundes er den funksjonell og praktisk. Det er nettopp det som skal til for å vinne Golden Tractor for the Design: Form og funksjon på høgt nivå.

Høgteknologisk spesialist

Årets spesialtraktor 2014: Aebi VT 450 Vario.

Aebi hadde sine glansdagar, reint salsmessig, for nokre tiår tilbake. Men har du ikkje sett ein sveitsisk transportar sidan 70-talet, vil du nærast få sjokk av VT 450 Vario. Vinnaren av Tractor of the year 2014, Best of Specialized (beste spesialtraktor), kan bære tunge lass på ryggen, og har eit drivverk som overgår det meste. Firehjulsstyring med innstillingar for hundegang i bratta, individuell firehjulsfjøring med krengingsstabilisator og mellomakseldifferensial med sperre. Vidare: Elektronisk betjent hydraulikk, godt førarmiljø, kompakt byggemåte, låg vekt og sprek motor. For ikkje å gløyme transmisjonen. Aebi har likså godt utvikla sin eigen trinnlauskasse, ulikt alt anna. Her er 100 prosent hydrostatisk drift opp til 8 km/h, som saumlaust går over til mekanisk-hydraulisk drift opp til 50 km/h. Vi har prøvd. Les meir i BG 10/13.

Omfattande juryabeid

Jobben med å kome fram til vinnarane starta lenge før Agritechnica. Juryen som kårar Tractor of the Year består av ein leiande fagpressejournalist frå kvart av dei europeiske landa. Før sommaren startar nominasjonsprosessen, som endar med ei liste på sju finalistar. Utover hausten blir desse vurderte og prøvekøyrde, og jurymedlemmene går gjennom eit omfattande poengskjema som juryens sekretariat summerer. Tittelen Tractor of the year er internasjonalt vurdert til å vere den mest prestisjetunge i bransjen. Bedre Gardsdrift representerer Noreg.

Powered by Labrador CMS