tros14 bastard

Traktoroversikten 2014

Fleire av dei store merka har bytt ut modellar som er særleg viktige i Noreg, så årets traktoroversikt inneheld mykje snop for maskininteresserte.

Publisert

Omlag sånn er gjennomsnittet av alle traktorane i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt for 2014.

Klikk her for å gå til traktoroversikten, oppdatert med nye data for 2014!Bedre Gardsdrifts unike traktoroversikt på nett er oppdatert med meir enn 500 modellar for 2014. Desse kjem i tillegg til dei ti årgangane vi har der frå før. På kvar einaste modell kan du få fram over 60 linjer med data. Informasjonen er levert frå kvart enkelt merke sin importør, før listene blir samla og samordna av oss.

Traktoroversikt i blad og på nett

I Bedre Gardsdrift nr. 9 2013 finn du den trykte versjonen av traktoroversikten vår. Den er grovinndelt etter standardtraktorar, kompakttraktorar og spesialtraktorar, og deretter finsortert enten etter salsvolum eller undergruppe. I bladet finn du alt av kontaktinformasjon til importøren, og liste over omtaler, testar og prøvekøyringar i Bedre Gardsdrift for kvart enkelt merke. Men den trykte oversikten inneheld berre eit utval av modellane, og det aller mest vesentlege av tekniske data. Detaljane, og lista over alle modellane, får du her på nett. I ein unik søkbar oversikt der du sjølv vel kva du vil sjå for å kunne grovsortere, og deretter kan du få alt av detaljar på traktorane som interesserer deg.

Store utskiftingar

Hos MF har det vore utskifting nær sagt over heile linja, med til dels store endringar på 5600, 6600 og 7600-seriane, og også 3600. Valtra har eit par nye modellar midt i løypa for norske kundar, mens New Holland og CaseIH har utvida alle dei viktige seriane sine. Ikkje minst forventar dei seg mykje av sine nye firesylindra trinnlause. Deutz-Fahr og Lamborghini har nærast totalfornya seg, mens Fendt, Claas og McCormick er på plass i oversikten med seriar som 500 Vario, Axion 800 og X7.

John Deere som i fjor

Som einaste importør har ikkje Felleskjøpet hatt kapasitet til å svare. Data og prisar for John Deere er difor som i fjor. John Deeres kompakttraktorar, importert av Reinhardt, er derimot oppdatert.

Lamborghini er med på nett

HCP, som importerer Same Deutz-Fahr Group sine merke, satsar først og fremst på Deutz-Fahr. Difor er ingen av søstermerka med i oversikten i bladet, men her på nett får du også prisar og data på Lamborghini.

Bedre Gardsdrifts traktoroversikt på nett finn du her!

"
Powered by Labrador CMS