veg åker COLOURBOX1694901l
veg åker COLOURBOX1694901l

Vil erstatte jord med jord

Ei gruppe leia av Samferdsledepartementet foreslår såkalla fysisk kompensasjon for jordbruks- og naturområde ved samferdsleutbygging, mellom anna for å redusere tapet av dyrka jord.

Publisert

Ikkje alt kan kjøpast for pengar, så difor vurderer departementet at jord skal erstattast av jord. (ill.: Colourbox)

I rapporten frå arbeidsgruppa kjem det fram at det å erstatte jordbruks- og naturverdiar med tilsvarande areal er eit tenleg verkemiddel for å redusere tapet av naturmangfald og redusere omdisponeringa av dyrka jord.I praksis betyr dette at eit dekar tapt jordbruksjord der det skal bli veg blir erstatta ved å opparbeide eit dekar jordbruksjord av minst like god kvalitet ein annan stad.– Dette kan redusere konfliktnivået, bidra til at mindre dyrkajord går tapt, og redusere planleggingstida for byggeprosjekt, seier samferdsleminister Marit Arnstad.Arbeidsgruppa tilrår at det vert sett i gang pilotprosjekt knytt til store samferdsleutbyggingar. Om kompensasjonsordninga blir innført, må endringar i plan- og bygningslova vurderast. Gruppa har vore sett saman av folk frå Samferdsledepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Statens landbruksforvaltning, Vegdirektoratet, Jernbaneverket, Avinor AS, Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Rapporten er sendt på høyring.

Vil erstatte jord med jord

Ei gruppe leia av Samferdsledepartementet foreslår såkalla fysisk kompensasjon for jordbruks- og naturområde ved samferdsleutbygging, mellom anna for å redusere tapet av dyrka jord.

I rapporten frå arbeidsgruppa kjem det fram at det å erstatte jordbruks- og naturverdiar med tilsvarande areal er eit tenleg verkemiddel for å redusere tapet av naturmangfald og redusere omdisponeringa av dyrka jord.

I praksis betyr dette at eit dekar tapt jordbruksjord der det skal bli veg blir erstatta ved å opparbeide eit dekar jordbruksjord av minst like god kvalitet ein annan stad.

– Dette kan redusere konfliktnivået, bidra til at mindre dyrkajord går tapt, og redusere planleggingstida for byggeprosjekt, seier samferdsleminister Marit Arnstad.

Arbeidsgruppa tilrår at det vert sett i gang pilotprosjekt knytt til store samferdsleutbyggingar. Om kompensasjonsordninga blir innført, må endringar i plan- og bygningslova vurderast. Gruppa har vore sett saman av folk frå Samferdsledepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Statens landbruksforvaltning, Vegdirektoratet, Jernbaneverket, Avinor AS, Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning.

Rapporten er sendt på høyring.

Powered by Labrador CMS