BG-labyrinten-13

Vinnarar BG-labyrinten 2013

På Manger, Vinje og Sundøy finn vi folk som hadde absolutt alt rett i tidenes første BG-labyrint. Her er alle vinnarane, pluss litt om dei vanskelegaste oppgåvene.

Publisert

- Er den komen for å bli, den der labyrinten?

Først må vi heidre desse tre, som klarte absolutt alle leietrådar og reisemål i årets BG-labyrint:- Arne Manger, Manger - Sven-Ruben Gøytil, Vinje - Tove Justad, SundøyDei har fått eit par samlepermar, ei LedLenser lommering-lykt og litt anna frå Bedre Gardsdrift i posten. Vi er imponerte over prestasjonen!

Vi gratulerer også dagsvinnarane. Desse fire er trekte ut for å kome til rett mål for dagen, kvar av dei fire dagane ferda varte. Pakke med samleperm og caps er sendt.- Nils Johan Kyllo, Hergra - Ole Magnus Johansen, Kråkrøhamn - Anders Belsheim, Vang i Valdres- Knut Haug, Tolga

I tillegg har vi trekt ut tre enkle premiar frå Bedre Gardsdrift mellom alle som deltok. Desse er sende til: - Trond Melberg, Årdal - Lars Magne Rustad, Brandbu- Sylvia Brandsrud, Ørje

Oppgåver og fasit for kvar av dei fire dagane finn du her:BG-labyrinten skjærtorsdag" BG-labyrinten langfredag" BG-labyrinten påskeaftanBG-labyrinten påskedag

" Kommentarar til oppgåver og svar Vi har gitt ti poeng for rett reisemål, og eitt poeng for kvar rett leietråd. Vi lova førstepremie til den med flest poeng, evt. loddtrekking om alle hadde alt rett, men fann liksågodt ut at vi gav førstepremie til alle tre som klarte alt. Alle innkomne svar er gått gjennom, og vi har delt ut poeng til alle som har deltatt. Diverre har vi ikkje kapasitet til å melde tilbake kor mange poeng kvar enkelt har fått, men du kan rekne sjølv om du vil, og sjekkar fasiten. Full pott gir 68 poeng.

I gjennomgangen av svara har vi sett gjennom fingrane når det gjeld trykkfeil og feilskrivingar. Kort sagt har alle som har tenkt på rett svar fått godkjent, sjølv om skrivemåten har vore feil. Vi har også vore rause med poenga der spørsmåla ikkje har vore heilt eksakte. Til dømes er dei aller fleste svara godkjende på spørsmålet om kva som er i Hannover under Agritechnica-utstillinga, men som ikkje er i byen til vanleg. "Masse landbruks-greier" er godtatt, sjølv om vi helst tenkte på landbruksmaskinfirma. Og det stemmer jo at BG er i byen då, noko vi ikkje er til vanleg. Men "masse folk" er der kvar einaste dag, så der går grensa.

Agronomen på Bryggen i Bergen var det mange som sleit med, og han øydela for full pott for fleire. Kan hende litt vanskeleg, men ikkje verre enn at om du opnar Wikipedia sitt hovudbilete på artikkelen om Bryggen, ser du namnet "Knut Skurtveit" på hus nummer tre frå høgre, så då kunne du tippa det. Søkjer du på gardsdrift.no etter "bryggen bergen" får du enda sikrare treff, til dømes i ein artikkel frå november 2007 om at FK Agri kjøper Antra, som overtok importen av Aebi frå Skurtveit. Nedi teksten der står ein setning med orda " Agr. Knut Skurtveit L/L på Bryggen i Bergen".

Elles skulle vi meine at alle svar på leietrådane let seg finne ganske greit, og det ser da også slik ut når vi ser over svara samla sett.

Takk for tips og tilbakemeldingar!Alle innspela vi har fått under denne jomfruturen har vi notert oss, og du skal slett ikkje sjå bort frå at det blir ny BG-labyrint neste påske. Du er velkomen til å vere med oss då!

Powered by Labrador CMS