atk13-versatile

Kuriosa frå Agritechnica

Frå Tyrkia, Kina og India kjem dei, traktorar vi knappast har høyrd om og langt mindre sett på norsk jord. Men her får du eit lite glimt, i Bedre Gardsdrifts kuriosa-galleri frå Agritechnica.

Publisert

Agritechnica er verdas største landbruksutstilling, med både utstillarar og besøkande frå alle avkrokar der landbruket er mekanisert. Vi har plukka eit ørlite utval av kva som var å sjå, og du får bileta i større format om du klikkar deg inn i galleriet her.

Meir aktuelle maskiner frå Agritechnica kan du lese om i Bedre Gardsdrift nr. 8, 9 og 10 2013, der sistnemnde er å vente i postkassen rett før julekvelden.

" ArmaTrac kjem frå Tyrkia, frå det som er nest største selskapet innan metallstøyping og -maskinering i landet. Morselskapet er underleverandør til andre traktorprodusentar. Med ISO-sertifisering på kvalitet og motorar frå Perkins og transmisjonar og drivverk frå ZF og Carraro meiner ArmaTrac å konkurransedyktige traktorar.
Solis eit merke frå eit av dei tre største traktorkonserna i India, med traktorar frå 20 til 90 hk. I visse marknader er der eit samarbeid med Landini.
Versatile er einaste traktorprodusenten i Canada, og merket er på same vis som McCormick eit resultat av fusjonen mellom Fiatagri og Ford New Holland. For å ikkje bli for dominante, måtte Ford New Holland selje ut stortraktorprodusenten Versatile, og kjøpar vart kanadiske Buhler Industries. På bilete ser du ein av deira mindre modellar, frå ein serie som dekkjer spennet frå 260 til 310 hk. Den store hytta er omlag som på dei store rammestyrte traktorane, og Cummins-motoren er på amerikansk vis EGR-rensa. Transmisjonen er ein 16x9 powershift.
Søstermerka Landini og McCormick har veldig mykje meir å velje i enn kva vi er vant med her i landet, som desse: I bakgrunnen ein McCormick med høg bakkeklaring og like store hjul framme og bak, og i framgrunnen ein litt meir kjent mini-traktor frå Landini. Sist sett som New Holland i Bedre Gardsdrifts prøvekøyring med rundballepresse bakpå.
Chery er eit kinesisk merke. Søkjer du på nett, ser du at dei likar fargane til Claas veldig godt, men på Agritechnica vågar dei nok ikkje anna enn å stille ut traktorar med litt anna måling. Elles er likskapane med europeiske maskiner heller små.
Her er eit traktortryne som slett ikkje kjem frå motsett side av kloden. Same Deutz-Fahr group fann plass til ein traktor av det fjerde merket sitt på Agritechnica, nemleg sveitsiske Hürlimann. Rett nok er det berre namnet og tidleg historie som er sveitsisk. Bortsett frå lakk, namn og sånne detaljar som form på enkelte lykter, er alt anna identisk med dei italiensk- eller tyskproduserte søskenmodellane. Men særpreg, det har den.
Tyrkiske Hattat produserer Valtras nye vesle A-serie, og lar seg inspirere litt av oppdragsgivaren også på eigne modellar. Her er ein mellomstor (i Hattat-målestokk) traktor med eiga hytte. Største skilnaden på denne og Valtra-varianten er at sistnemnde har fått hytteramma frå A-serien vi kjenner tredd nedpå Hattat-kroppen. Den ser du i galleriet.
Oppskrift på traktor: Stikk innom ein middelmådig leikebutikk, plukk ut ein modelltraktor som det står "Farmer" på, og bruk designet derifrå til å bygge ein fullskala stortraktor. Med motor, transmisjon, hydraulikk og det vesle som er av elektronikk frå seriøse vestlege leverandørar er sikkert funksjonen heilt grei, men stortraktoren frå Farmer blir neppe nokon storseljar til andre enn dei som berre skal ha mange hk for få pengar. Opphavslandet er ein plass austanfor i Europa, utan at vi hugsa å notere det.
Merket kjenner du. Og dette er ingen kopi, men ein traktor laga for heilt andre marknader enn våre. Serien heiter 6B, og norske kundar ville nok opplevd dette som eit slags B-vare full av kontrastar: På taket ei GPS-kule, og inni ein rattmotor som gir full autostyring. Hovudgiret er på ein 80-talsspak til høgre, gruppegiret likeins til venstre. Ved hjulskjermen til venstre er brytaren for ventilasjonsvifta, mens temperaturreguleringa har du i golvet under venstre lår. Men traktoren stadfestar at John Deere er traktorverda sitt svar på Coca Cola: Ei særs sterk merkevare som du finn overalt, same kor på kloden du er.
Powered by Labrador CMS