flaum colourbox848859b

Dårleg vêr både her og der

Tørke i USA, Brasil og Russland. Verste sommar på 25 år så langt i Danmark. Og her i landet er det for tørt eller vått eller usikkert.

Publisert

På delar av Vestlandet var det ei tid før førsteslåtten problem med tørke i fleire bygder, mens bønder på Austlandet slær fast at det "kan ikkje bli verre".

Altaposten fortel om bondelagsleiar Jørn Suhr, som rett og slett ringte vêrvarslinga for å spørje om meteorologen var på ferie. – Det er vanskeleg nok å planlegge arbeidet når vêret er som det har vore til no i sommar, vått og kaldt. At vêrmeldinga ikkje er til å stole på gjer ikkje saka betre, sukkar han.

I Indre Troms har det vore storflaum, og bøndene fryktar for drifta om dei ikkje får ekstra økonomisk hjelp fort.

Den verste tørken i USA på 50 år pressar prisen på mais mot nye høgder, med ein auke på 50 prosent siste månaden. Alt no slær prisen på soyabønner alle tidlegare rekordar, særleg fordi viktige landbruksområde er hardt råka av manglande nedbør, melder TT-AFP. Også Tidens Krav omtaler problematikken.

Svenske ATL melder om mykje slags dårleg vêr ymse plassar i verda. Svenske meteorologar seier at dette er noko vi må venne oss til i framtida. FNs klimapanel har da også slått fast at tørke, varmebølger og kraftig nedbør er vêrtypar som kjem til å bli meir vanlege, mellom anna på grunn av drivhuseffekten.

Dårleg vêr er til dømes viktigaste grunnen til at avlingsprognosane for Russland er nedjusterte. Bloomberg anslår at 18 millionar tonn blir tilgjengeleg for eksport, mot nesten 28 millionar tonn førre år. Grunnen er tørke sør i Russland og problem med jernbanekommunikasjonen etter flaum i delar av landet. I sentral-Russland ser det derimot ut til å kunne bli greie avlingar.

Danskane har også sitt å stri med: Der har ikkje sommaren starta dårlegare på 25 år, om meteorologane ser på slikt som soltimar, nedbør og temperatur, melder Berlingske Tidende.

"
Powered by Labrador CMS