mf 5400 folketraktor

Vann gratis traktor i eitt år

Eikmaskin feirar seg sjølve og kundane sine med å lodde ut ein MF 5440 til fri bruk i eit heilt år. Vinnaren er Kristian Fosser frå Marker i Østfold.

Publisert

Kristian Fosser med barnebarnet Nicolay Fosser Erikstein på armen ser fram til å ta premietraktoren i bruk. Til venstre Nils Petter Solberg frå Eiksenteret Mysen, vidare mot høgre produktsjef Jørgen Skjelin og adm. dir. Trond Kjempekjenn.

5400-serien frå Massey Ferguson har sidan den kom vore ligge jamt som den nest mest populære serien på den norske marknaden. – Massey Ferguson har hatt ein spesiell plass hos norske bønder frå den gongen Gråtassen kom. Vi vil gjerne gi noko tilbake til kundane våre, og er glade og stolte over å kunne gjere det slik, seier adm.dir. Trond Kjempekjenn i Eikmaskin.

2012-versjonen av gråtass

– I dag er 5440 vår variant av Gråtassen. Dette er arbeidshesten som passar inn nesten over alt, ein traktor som er blitt svært populær, og som er veldig allsidig. Difor omtaler vi den som "Folketraktoren".Kampanjen med den såkalla folketraktoren har primært vore annonsert gjennom Eikmaskins eigne publikasjonar. Kjempekjenn er overvelda over responsen: Meir enn 120 gode framlegg på kven som fortjente traktoren kom inn. – Det var vanskeleg å velje ein vinnar, konstaterer Kjempekjenn. Han sat i juryen saman med produktsjef Jørgen Skjelin og Eikeblad-redaktør Lars Ovlien. Dei tre kom fram til at Kristian Fosser var ein svært så verdig vinnar, og resultatet av konkurransen vart gjort kjent på Agroteknikk.

Trufast mot MF

Den glade vinnaren stilte med heile familien på Agroteknikk, og det var ein rørt mann som vart kalla fram på scena. – Eg visste ikkje at eg var nominert, så dette kom som ei stor overrasking, seier Kristian Fosser. Han har støtt vore trufast mot MF. Heime på garden står ein Gråtass, ein MF 575 frå 1977 og den 18 år gamle stortrekkaren MF 3645 frå 1994.

Korn og skog

Kristian vert omtalt som ein blid og hjelpsom kar, som støtt har tid til andre. Lokalt er han kjent for å ha preparert milevis med skiløyper. 60-åringen tar til å merke mange års hardt arbeid på kroppen, og var gjennom ein tøff periode i 2010. Då eksploderte eit hjul på tømmerhengaren, men Kristian har kjempa seg tilbake. På garden er det mellom anna kornproduksjon og skogsdrift. No gler han seg stort til å få prøve den nye traktoren. Den vert levert med frontlastar, og står til fri disposisjon i eitt år. Einaste Kristian må gjere med traktoren dette året, er å fylle diesel.

Powered by Labrador CMS