trakor død 09

Treåring omkom i traktorulukke

AGDER: Ein tre år gammal gut døydde då han vart overkøyrd av ein traktor utanfor Arendal laurdag ettermiddag. Guten sto i stigtrinnet på traktoren under køyring, men ramla av.

Publisert

Traktorføraren er ein nær slektning av guten, men ikkje far eller mor. Politiet fortel at guten sto på stigtrinnet mens traktoren var i fart. Så har han ramla av og kome i klem under bakhjulet. Han fekk store skader i hovudet.

Redningspersonell vart straks tilkalla og kom til staden etter kort tid. Då dei kom fram hadde guten sitt hjarte stansa. Det vart gitt livreddande førstehjelp, men barnet vart erklært dødt på staden.

Mor til guten kom til staden under redningsarbeidet, mens far ikkje var i nærleiken då det tragiske skjedde. Der var andre familiemedlemmer og naboar som kom til. Djupt prega kunne dei sjå at redningspersonellet avslutta behandlinga og at det verste hadde skjedd.

Av omsyn til familien ynskjer ikkje politiet å opplyse om kven som var førar av traktoren, ut over at det var ein nær slektning.

Familien og traktorføraren har laurdag kveld fått tilbod om krisehjelp. Politiet etterforskar ulukka og har avhøyrd vitne, men seier samstundes at dei har danna seg eit klart bilete av kva som har skjedd. Ulukkesstaden ligg på Saltrød, nokre få kilometer nordaust for Arendal sentrum.

Powered by Labrador CMS