brann-fjøs12 colourbox.jpg

Reiskapshus brann, kalvar omkom

To kalvar omkom då reiskapshuset dei sto i brann ned torsdag kveld. Brannen skjedde ved Gjesdal i Rogaland. Truleg årsak: Ulming i høyballar.

Publisert

Ei låve like ved vart berga frå flammane. - Mest truleg braut brannen ut fordi det har ulma i nokre høyballar som låg i bygget. To kalvar omkom, men brannmannskapa klarte å avgrense brannen så den ikkje spreidde seg til låven like ved, seier vaktkommandør Kjetil Vier ved Brannvesenet Sør-Rogaland til Stavanger Aftenblad.

Powered by Labrador CMS