bastard11q.jpg
bastard11q.jpg

Nedteljinga har starta

Det er ikkje til å tru. Om få dagar kjem BG-nissane fram frå gøymeplassane sine, og går i gang med det som for dei er årets suverene høgdepunkt: Julekalenderen på gardsdrift.no. Er du like klar?

Publisert

Ei tidlegare BG-nøtt, som du kan trene deg på i ventetida.

Om du aldri før har vore med, eller om du er av dei aller mest trufaste nøtteknekkarane våre, her er ei viktig melding: Legg inn alarm på telefonen din, sett kryss i kalendaren på kjøkkenveggen, og fortel familien at noko stort er på gang.

Det kimer nå til julefest

1. desember startar julekalendaren på gardsdrift.no, og BG-nissane får utløp for all energien dei har samla gjennom dei siste 11 månadane.

O helga natt

I grove trekk blir opplegget som før, har vi høyrd rykte om: Eit spørsmål kvar dag, ute frå midnatt til midnatt, med eitt ekstra døgn for oppgåva på julaftan. Det siste der er berre eit tiltak for å sikre julefreden både i nissefamiliane og hos oppgåveløysarane. Kjenner vi nissane rett, kjem der ein heller spesiell traktor som oppgåve på den 24. dagen i desember.

Deilig er jorden

Den enorme suksessen med bonusspørsmål har rett og slett utløyst eit bastant nisse-krav. Ingen julekalender utan bonusspørsmål! Nissane hevdar at det er eit vanvittig arbeid å gå gjennom alle dei fantastiske svara, og attpå alt klare å få plukka ut nokre som alle andre kan få lese, men her står så mykje bra at det er verd all innsatsen. Nissane er til og med tipsa om at svar på bonusspørsmåla er brukt til opplesing som underhaldning på julefest. Når BG-nissane får høyre slikt, blir dei enda meir glade.

All I want for Christmas

Nytt for året er premieringa. I år kjem gåvene frå mange fleire enn tidlegare, og vi snakkar om nyttige og konkrete ting. Alt frå jakker og termosar til kraftoverføringsaksling, ventilblokk og noko med forbrenningsmotor... Rykta skal ha det til at nissane humrar og hoppar i stolen av spenning, for dei vil så gjerne fortelje kva dei har i sekken. Men det får vente. Det får vente heilt til 1. desember. Ver sikker på at du kjem tilbake då, for skal du sikre deg førstepremien må du ha 24 rette!

Å, kom nå med lovsang

Vil du korte ventetida? Her finn du svar frå i fjor, og ikkje minst eit utval kommentarar på bonusspørsmåla.

"
Powered by Labrador CMS