banner12kubørste

Julekveld i fjøset!

I jula skal vi vere ekstra snille med dyra. Kva passar vel då betre enn å vinne ei kubørste på sjølvaste julekvelden?

Publisert

BG-nissane er ikkje som andre nissar. Dei har den leie uvanen at dei avslører kva som er inni gåvepapiret lenge før pakkane skal opnast.

Bastard gir kos eller varme

På julaftan skal du finne ut kva deler årets bastard-traktor er bygd opp av. Tradisjonen tru ligg oppgåva på julaftan ute heilt til første juledag er omme, for å vere grei mot nissefamiliane og nøtteknekkarfamiliane. Klarer du denne nøtta, kan du vinne ei kubørste frå A-K maskiner. Om du ikkje har kyr i fjøsen, kan du i staden velje å få eit familiesett med inntil seks varmekjeldressar. Då blir du ikkje berre varm om hjarterøtene, men i heile kroppen.

Bra for både kyr og nissar

Sånne gåver likar BG-nissane. Så store som buskapane er blitt i våre dagar, er det ein stri jobb for fjøsnissane kringom i landet å rekke over alle dyra, så dei er nybørsta til jul. Nissar flest meiner dessutan at kyr har det best når dei blir børsta akkurat når dei sjølve vil bli børsta. Vi skal stelle godt med dyra heile året, og ekstra godt til jul, understrekar nissane, som berre er glade for at både nissar og kyr får ein betre kvardag med julekveldspremien.

Bra sort

Kubørsta frå A-K maskiner heiter GEA M-brush. Den blir montert på ein vegg eller ein stolpe, og børsta står på skrå. Dermed kan kua børste seg både oppå ryggen og nedetter sidene, slik ein skikkeleg nisse ville gjort det. Ved at børsta står like fast som ei gammal bjørk på beite, kan kua børste seg så hardt den berre vil. Kubørsta startar automatisk, og byter rotasjonsretning kvar gong så nylonbusta blir jamt sliten. Børsta har bust montert vekselvis i to ulike lengder, slik at det blir lettare for kua å kome til alle plassar på hovudet og kring halerota. Skal du kjøpe ei sånn børste i butikken, kostar det deg omlag 14 000 kroner.

Ikkje kubonde?

Det einaste som er litt ugreitt med premien på årets gjævaste gåvedag, er at ei kubørste ikkje kan brukast til så veldig mykje anna enn å børste kyr. Det har nissane i BG og A-K maskiner tenkt på. Så dersom du ikkje har slike store, gode mjølkeproduserande dyr på garden, kan du heller vinne eit familiesett med varmekjeldressar.

Ver klar kvar dag!

Fram til 24. desember har du 23 andre sjansar til å vinne flotte dagspremiar. Dessutan har BG-nissane gitt deg ein titt i sekken med hovudpremiane, og det kan du lese om her.

"
Powered by Labrador CMS