fendt 300 scr q.jpg

Fendt 300 med SCR

Mens dei fleste traktormerke går for EGR på sine mindre traktorar, går Fendt for SCR også på ein oppgradert versjon av 300-serien.

Publisert

Nue Fendt 300 Vario får SCR og TMS som standard, og ny toppmodell.

Nye Fendt 300 Vario har ikkje veldig mykje nytt, anna enn under panseret. Der er ein fireventilert firesylindra Deutz common rail-motor - med SCR eksosrensing, melder vår gode kollega Maskinbladet.

Skilnaden på SCR og EGR er i korte trekk at SCR krev bruk av AdBlue, men motoren kan gå med ei meir optimal forbrenning og på det viset utnytte dieselen betre. EGR betyr at noko av eksosen blir resirkulert, noko som medfører høgare temperatur og dermed større kjølebehov, men du treng ikkje halde styr på ei ekstra væske. På traktorar i mellomklassen og nedover har kjølekapasiteten vore så god at alle leverandørar til no har gått for EGR. Fendt er dermed først ute med SCR-teknologi i dette segmentet.

Ny: Fendt 313 Vario

På same tid som dei eksisterande modellane i 300-serien blir oppgradert, lanserer Fendt ein ny toppmodell: 313 Vario, med 135 hk. Denne har dessutan sterkare framaksling. Ei anna oppdatering er at TMS, som koplar saman motor- og transmisjonsstyringa, er standard. Dessutan er bremsene kraftigare, så traktorane kan bli registrert med eit halvt tonn høgare totalvekt. Fendt har elles fiksa litt her og ordna litt der for å gjere detaljane betre, utan at så mykje av det er direkte merkbart i kvardagen din.

Powered by Labrador CMS