Gardsdrift - debattforum

Debatten i farten!

Som den vakne lesar kanskje har fått med seg: Det har skjedd visse endringar på gardsdrift.no. Oppgraderingane har skapt problem på debattforumet, men no er det i farten att!

Publisert

Ask Media, som gir ut Bedre Gardsdrift, har fått eit nytt publiseringsverktøy for alle nettsidene sine. Og på same vis som når du skiftar traktor etter mange år med den same gamle, alt passar ikkje frå dag ein. For vår del har vi hatt visse vanskar med tilkoplinga av det nye debattforumet, og for å vere på den sikre sida vart difor forumet stengt ein periode. Dette vil vi på det sterkaste beklage.

Døra er open

No er dei grøvste tinga rydda opp i, og dørene til diskusjonslokalet står atter opne. Før du går inn, kan du vere klar over ein ting: Av omsyn til det som på fint heiter noko slikt som krypteringstryggleiken for passordet ditt, må du registrere passord på nytt. Heile prosessen er fort gjort og så enkel at sjølv vi i redaksjonen har klart det utan store bruduljar. Det einaste du treng, er tilgang til eposten du i si tid registrerte saman med brukarnamnet. Om den adressa ikkje lenger er aktiv, står der forklaring på korleis du går fram for å få registrert deg likevel. Då tar det berre litt lengre tid. Vil du endre passordet du får på epost, er det berre eit par ekstra klikk. Og som før skal du kunne debattere uregistrert.

Test-tråd

Vil du prøve deg fram, kan du gjere det i denne tråden. Den har ein av dykk oppretta, lurt nok, til å øvingskøyre inni. Her er det altså ikkje så farleg om du gjer noko feil, noko rart eller noko annleis. Berre ver klar over at nokre av problema som blir drøfta i innlegg daterte før 1. juli er blitt ordna no.

Alt er med vidare

Bedre Gardsdrifts debattforum er gjennom åra blitt reinaste oppslagsverket, med mengder av reinspikka kunnskap frå brukarane våre, sjølvsagt kombinert med ymse meiningsytringar av variabel tyngde. Alle desse tusenvis av innlegga er med inn i den nye tida. Her håpar vi at dei får selskap av tusenvis av nye gode faglege innspel. Som fleire alt har lagt merke til er eit av framstega med det nye verktøyet at du kan klikke på nettadresser. Fleire nye funksjonar kan kome til, når alt fungerer stabilt som det skal (og ferien er over).

Tilbakemeldingar er alltid velkomne!

Har du innspel til endringane, eller om du oppdagar noko som er gale, ber vi deg ta kontakt med oss. Enten på epost under "kontakt" i toppmenyen, eller til webmaster (sjå adresse under) om det er noko datateknisk.

" Velkomen til å vere med vidare, og ha ein god debatt!

Powered by Labrador CMS