mb-stjerne.jpg

MB-trac vender tilbake?

Unimog lever i beste velgåande. I England blir det bygd sprøyter med stjerne i grillen. Og kanskje finst ein ekte Mercedes-traktor på teiknebrettet i Tyskland.

Publisert

Hm. Er noko i gjere?

Alt håp er ikkje ute for deg som vil titte på ei stjerne mens du køyrer traktor. På øya uti havet, der folk bur tett i tett og snakkar engelsk, blir det bygd ei sjølvgåande sprøyte som heiter Mercedes Benz S-trac. Understellet er frå Unimog. Toppfarten er 64 km/h. Motoren, som tilfredsstiller lastebilkrav, er godkjent etter Euro 5-norma. Transmisjonen har 16 trinn med automatisk skift. – Dette er sprøyter som vi skreddarsyr til kunden, fortel A.R. Levitt til Maskinbladet. Levitt er sjef for den engelske avdelinga av Mercedes Benz i Newport.

Ny Merce-traktor i vente?

Vel så interessant er eit lite hint frå Levitt.– At vi byggjer sjølvgåande sprøyter er ikkje noko nytt. Det har vi gjort i 25 år. Men Mercedes Benz har byrja å interessere seg meir og meir på området, og rykte seier at der kanskje er ein traktor på veg, seier han til Maskinbladet. Her i landet har vi jo nyleg sett at Mercedes-importør Bertel O. Steen har engasjert seg sterkt i landbruket gjennom oppkjøpet av A-K maskiner. Om Mercedes sjølve ser det same som Bertel O. Steen, at landbruket er ein fin bransje å rette seg mot, vil i fall det skjer vere temmeleg interessant.

Viste seg på Agritechnica

Traktor? Lastebil? Zetros. Frå Mercedes Benz sin stand på Agritechnica 2011.

Mercedes Benz er slett ikkje borte frå landbruket no heller. På Agritechnica marknadsførte dei landbruksutgåver både av den velkjende Unimog, og av offroad-lastebilen Zetros. Sistnemnde har eksempelvis ein modell med 326 hk, tillatt totalvekt på 18 tonn, automatisk transmisjon, og den kan registrerast så tyskarane kan køyre den på førarkort klasse T. Eit typisk bruksområde er å køyre unna for sjølvgåande snittarar med semimontert hengar.Her i landet er Unimog registrert som lastebil. Salet er heller begrensa, og stort sett knytt opp mot andre bransjar enn landbruk. Mercedes er elles ein mykje brukt leverandør av motorar til sjølvgåande spesialmaskiner i landbruket.

Kor vart det av MB-trac?

Historia til MB-trac starta i 1972, med ein traktor bygd over ramma til Unimog. I april 1987 vart det skipa eit selskap for å produsere MB-trac og Deutz-Fahrs IN-trac. Deutz eigde 60 prosent og Mercedes Benz 40 prosent. Selskapet fekk namnet Trac-Technik. Selskapet vart aldri nokon stor suksess, og i 1991 var det slutt.

MB-trac i BG 2/2012

Vil du lese meir om MB-trac, kan vi sterkt tilrå ein dugande publikasjon som gir fyldig omtale omlag no. I Bedre Gardsdrift nr. 2 2012 står nemleg ein lengre artikkel om den legendariske traktoren. Om du er i den uheldige situasjonen at du ikkje har abonnement på bladet, kan den knipa løysast på enkelt vis. Klikk her, og du er godt i gang! Les du dette ein gong godt inni framtida, er trøysta at bortkomne blad kan erstattast elektronisk, om du klikkar akkurat her.

"
Powered by Labrador CMS