brann-brannmenn colourbox

Fatal fjøsbrann i Oppland

Bonden og kring 60 dyr omkom då ein fjøs brann ned i Lora mellom Lesja og Dombås natt til tysdag. Brannen har truleg starta i gardsverkstaden.

Publisert

Politiet fekk melding om brannen like før klokka eitt natt til tysdag. Då var alt brannmannskapa varsla. Ein person var sakna under brannen, og vart funnen omkomen av røykdykkarar i verkstaddelen i fjøset. Den omkomne mannen er i slutten av 40-åra, og politiet stadfestar til Bedre Gardsdrift at han er bonden på garden. Han etterlet seg kone og tre barn, der det eldste er tidleg i 20-åra.

Dei fleste dyra strauk med

Det var 70 storfe i fjøset då det tok til å brenne. Omlag 10 dyr vart berga ut. NRK sin reporter på staden melder om mykje blod i snøen og på plassen kring driftsbygningen. Politibetjent Jørn Morten Sletta seier til Bedre Gardsdrift at han er usikker på om dyra som vart berga ut er omplasserte eller om dei vart sende til slakt.

Starta truleg i gardsverkstaden

I det nedbrente fjøset var der eit verkstad-rom. Det var her bonden vart funnen. Vitneforklaringar tyder på at det kan vere her brannen starta. – Vi kan enno ikkje seie noko sikkert om kor brannen starta, eller kvifor det tok til å brenne. Informasjonen vi sit inne med tyder så langt på at brannen har starta i området der mannen vart funnen. Vi kan enno ikkje seie noko om kvifor mannen var her, seier Sletta.

Meld av folk på garden

Det var folk på garden som melde brannen. Brannvesenet var på plass i løpet av 20 til 25 minutt. Med tanke på at næraste brannstasjonar ligg på Dombås og Lesjaskog, og at garden ligg midt imellom, må det kunne seiast at brannvesenet var raskt på staden, men då dei kom fram var bygningen fullstendig overtent i ein voldsom brann.– Brannvesenet kunne ikkje gjere anna enn å hindre spreiing og kontrollere nedbrenninga. Ein slik bygning, luftig konstruert i tørt trevirke og med lager av tørrfôr, er uråd å sløkke når brannen har fått etablert seg, konstaterer politibetjent Sletta. Gjennom natta har fjøset brunne så og seie heilt ned, og på morgonkvisten rauk der framleis kraftig. I skrivande stund har ikkje politiet fått undersøkt branntomta noko meir, fordi der stadig må til ettersløkking og nedkjøling. Bilete frå brannstaden tyder å at fjøset var av det tradisjonelle slaget, med låve.

Faksimile: nrk.no/ho.

Powered by Labrador CMS