rundballepakker ehlo satelitt

Blir åtte lag standard?

I nær sagt alle år har seks lag vore normalen for pakking av rundballar, men no ser vi ei endring mot åtte lag. Her er eit par tips og råd om rundballeproduksjon.

Publisert

Av kjeldegrunnlaget til Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste kan vi lese mange interessante trendar. Til dømes ser vi at mjølkekyrne ikkje lenger blir strypte, men tvert imot blir fôra for å auke ytinga. Då er grovfôrkvaliteten viktigare. Mange er blitt flinke til å fortørke. Verdien av innhaldet i ein fortørka ball er høgare, og då har du meir att for å ta godt vare på fôret ditt. Åtte lag er nærast ein garanti mot mugg. I mange distrikt er no åtte lag plast standarden. Om utviklinga held fram, er kanskje åtte lag utgangspunktet for prisen i 2013.

Entreprenøren leiger ut rundballeløft

Mange gjer det slik at bonden sjølv sankar og stablar ballane. Då er det greitt med skikkeleg reiskap, og det har gjerne entreprenøren i sin stall. I leigekøyringslista finn du prisen for å få ballen pressa, mens du i maskinleigelista finn prisen pr. ball eller pr. time for å leige enkelt transportutstyr.

Meir i Bedre Gardsdrift nr 3/2012

I aprilutgåva av Bedre Gardsdrift finn du vår komplette prisliste for leigekøyring og maskinleige. Bladet blir postlagt 26. april. Om du ikkje er abonnent, kan du laste ned bladet i digital versjon her.

"
Powered by Labrador CMS