gjødselvogn moi DoffX15_003

Moi med skreddarsaum på nett

På internett har du lenge kunna skreddarsy bilen din, med felgar og fargar som du har lyst til. No er turen komen til meir nyttige produkt: Moi sine gjødselvogner.

Publisert

Hjul, spreieorgan, pumpe, lastesystem... Alt lar seg tilpasse.

Opplegget er enkelt. Du går inn på Moi sine nettsider. Der vel du mellom Doff, CX og Guffen, og deretter plukkar du ut storleik og legg på utstyret du ynskjer. Så sender du inn det heile, saman med namn og adresse, og du får eit pristilbod frå næraste seljar. Av tinga du kan velje, er dekkdimensjon, brems, type trekkauge/kulekopling, lasterobot, propellomrørar, kranopplegg, spreieutstyr (inklusive DGI) og ein heil del anna. Utvalet er avhengig av type og storleik på vogna.

Skal vi sette fingeren på noko, må det vere at her ikkje er noko som indikerer pris, og på nokre av produkta ville det vore fint å kunne klikke på det for å få opp meir info. Men no er grunnlaget lagt, og dette er eit godt grunnlag å arbeide vidare ut frå. Vil du sjekke Moi sin skreddarsaum sjølv, går du inn på www.moi.no.

" Moi med skreddarsaum på nettPå internett har du lenge kunna skreddarsy bilen din, med felgar og fargar som du har lyst til. No er turen komen til meir nyttige produkt: Mois gjødselvogner.

Opplegget er enkelt. Du går inn på Moi sine nettsider. Der vel du mellom Doff, CX og Guffen, og deretter plukkar du ut storleik og legg på utstyret du ynskjer. Så sender du inn det heile, saman med namn og adresse, og du får eit pristilbod frå næraste seljar.Av tinga du kan velje, er dekkdimensjon, brems, type trekkauge/kulekopling, lasterobot, propellomrørar, kranopplegg, spreieutstyr (inklusive DGI) og ein heil del anna. Utvalet er avhengig av type og storleik på vogna. Skal vi sette fingeren på noko, må det vere at her ikkje er noko som indikerer pris, og på nokre av produkta ville det vore fint å kunne klikke på det for å få opp meir info. Men no er grunnlaget lagt, og dette er eit godt grunnlag å arbeide vidare ut frå.

Vil du sjekke Moi sin skreddarsaum sjølv, går du inn på www.moi.no.

Powered by Labrador CMS