Kahlbacher KFS750 snøfres VD08

Manglande belte gir unødige skader

Det svenske trafikkverket melder at overraskande mange av dei som blir skadde ved snørydding køyrer traktor eller hjullastar.

Publisert

Det mest vanlege er skader i hovud og ansikt, altså skader som lett kunne vore unngått ved bruk av setebelte.

Ofte skjer skadane ved at reiskapen hektar i kumlokk, støypekantar eller andre objekt som ikkje er synlege under snøen. Resultatet er bråstopp, eller at traktoren veltar.

– Dette er ganske enkle ulukker, og skadane kunne lett vore unngått om føraren hadde brukt setebelte, seier Eva Liljegren, ulukkesforskar hos svenske Trafikverket.

Typiske skader er slikt som hovudskadar og ansiktsskadar som føraren får fordi hovudet blir slått mot dør, tak eller vindauge. Rapporten frå Trafikverket peikar også på at sikt og lysbruk er viktige faktorar som kan auke eller redusere risikoen for ulukker, og at forbikøyringar av saktegåande køyrety er ei anna typisk ulukkesårsak.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS