trakor død 09

Omkom i traktorvelt

Ein 88 år gammal mann omkom då traktoren han køyrde velta heime på tunet på Osterøy måndag kveld. Det ser ut til at mannen ikkje brukte belte.

Publisert

Mannen heldt på med traktor heime på tunet, og spor tyder på at han har køyrd fram og tilbake, truleg for å snu, då traktoren kom utfor ein kant og velta ned mot huset. Der vart den liggande opp ned. Traktoren er ein Ford 4110, 1989-modell, med førarhytte.– Mannen fekk klemskader, men låg ikkje fastklemt. Traktoren har kjetting på alle fire hjul, men det ser ikkje ut til at føraren brukte belte. Trass forsøk på gjenoppliving, døydde mannen på staden, fortel politioverbetjent Kjell Idar Vangberg til Bedre Gardsdrift. Hendinga er til no ikkje definert som ei arbeidsulukke. Ulukka vart varsla kring 18.40 måndag kveld. Den skjedde på ein veglaus gard, på Osterøy nordaust for Bergen. Redningsmannskapa måtte kome med båt. Luftambulanse vart tilkalla, men grunna dårleg ver tok det tid før denne kom fram.

Powered by Labrador CMS