Balsfjord 07 Unger og ATV

Vurderer førarkort for atv

På grunn av mange alvorlege ulukker med firhjulingar, vurderer Vegdirektoratet å innføre eit eige førarkort for ATV.

Publisert

Ingen har fullstendig oversikt over ATV-ulukkene. Mange av ulukkene skjer i terrenget, og vert difor ikkje registrerte som trafikkulukker. Ofte er dei heller ikkje nytta i arbeid når ulukkene skjer, slik at dei dermed ikkje kjem inn i statistikken over arbeidsulukker. Alle observasjonar tyder likevel på at ulukkestalet er stort i høve til talet på ATVar, og risikoen for at ei ulukke fører til døden er stor. Dei antatt store ulukkestala er altså bakgrunnen for at Samferdsledepartementet, saman med Vegdirektoratet, no vurderer den nye førarkortklassen B1. Denne klassen skal omfatte ATVar og liknande køyrety. For å ta denne klassen, er det tenkt at du må ha sertifikat for motorsykkel eller traktor frå før. Det er vidare planer om at det skal stillast krav til eiga opplæring og eiga prøve.

Powered by Labrador CMS