reg-ill10.jpg

Valtra blir knust av CaseIH

John Deere er tilbake som ein suveren nummer ein. Det er likt mellom New Holland og MF, mens Valtra berre har fått registrert fire i august. CaseIH, derimot, gjer eit veldig byks.

Publisert

Nyregistrerte traktorar siste 12 månader.

No kan vi slå grundig fast at John Deere er tilbake i gammal form. Kjempetal i august, som dermed skriv seg inn i rekka over gode grøn-gule månader i det siste. Ein marknadsandel på 26,6 prosent til no i år, og nesten 100 traktorar betre enn MF siste 12 månader. Det einaste felleskjøpa ikkje kan skryte på seg, er å vere største importør. Der er dei, målt siste 12 månader, nummer tre bak Lantmännen maskin og A-K maskiner.

Tett mellom MF og NH

Massey Ferguson og New Holland ligg aldeles skulder ved skulder, med eksakt like mange registrerte traktorar åtte månader inn i året. Siste tolv månader har MF eit forsprang på 63 nyregistrerte, mykje på grunn av den årvisse sluttspurten som MF er best på. Begge merka må notere seg ein temmeleg merkbar tilbakegang i år, både i marknadsandel og tal traktorar.

Bråstopp for Valtra

Enten er statistikken vi har fått tilsendt heilt feil, eller så har traktorbyggjarane i Finland hatt total sommarferie. Valtra står oppført med fire traktorar i august, og noko sånt har aldri skjedd før. Underleg. Like fullt er Valtra nummer fire så langt i år, berre åtte traktorar bak MF og NH. Etter John Deere er det ingen andre merke som har like god framgang frå i fjor, same om vi måler marknadsandel eller tal traktorar, som Valtra. Siste 12 månader har finnen tredjeplass, berre ein traktor bak MF.

CaseIH styrkar pondusen

A-K og CNHs andre merke er i siget. Med heile 26 nyregistrerte i august gjer alle kurver eit fint knekk oppover. No er den blå storebroren berre dobbelt så stor, og CaseIH er merket med tredje størst framgang i marknaden for tida.

Plussa

Claas og Deutz-Fahr gjer det brukbart bra. Begge aukar både marknadsandel og tal traktorar.Vi kan også ta ein titt på Kubota, som registrerte like mange i august som Valtra, Zetor og McCormick. Rett nok bidrar det til ein tredel av Kubotaregistreringane til no i år, men for importør Svenningsens, som nyss har tatt ny sats med japanaren, må slike tal vere ein fin inspirasjon. Vi tar også med Dongfeng. Det asiatiske merket er nykomar på lista vår i august, med sin første registrerte traktor i Noreg nokon gong.

Minusa

Fendt går tilbake. Zetor går tilbake. McCormick held fram å gå mykje tilbake, og JCB er meir enn halvert. Sistnemnde gjeld vel å merke når vi samanliknar årets første åtte månader med same periode i fjor. Siste 12 månader mot førre 12 månader er ikkje så verst for den raske, mens for Fendt, Zetor og McCormick er trenden gjennomgåande også der.

Totalmarknaden

Alt tyder på at vi har lagt den verste perioden bak oss. Årets første åtte månader er ni prosent betre, altså 156 traktorar, enn same periode i fjor. Rett nok står der framleis minus på statistikken for siste 12 månader. Det skuldast særleg at oktober og november i fjor var svært mykje dårlegare enn normalt. Alt tyder på at 2010 blir eit vesentleg betre traktorår enn 2009, med ein plass mellom 2800 og over 3000 nyregistrerte.

FOTNOTE OM VALTRA

Bakgrunnen for Valtras spesielle tal i august, er kombinasjonen av at fabrikken har vore heilt nedstengt på grunn av modernisering, samstundes som at Valtra leverer direkte, og ikkje har traktorar på lager.

Nyregistrerte traktorar siste 12 månader, førre 12 månader, og perioden før der att.

Powered by Labrador CMS