reg-ill10.jpg

Tett i teten

New Holland er hårfint framom John Deere og Valtra etter årets andre månad, men nedturen på traktormarknaden held fram. I februar har alle dei fire store fått registrert nesten like mange traktorar.

Publisert

Februar 2010 er den svakaste månaden i løpet av alle dei åra Bedre Gardsdrift har hatt månadsstatistikk. Årets to første månader er dårlegaste starten på året som vi kan minnast, og siste 12 månader ligg likt med botnåret 1993, det nest dårlegaste året i nyare tid. Når det er sagt: Februar er tradisjonelt ein svært dårleg traktormånad, så vi skal ikkje finne fram Kleenex-pakkane for å tørke tårer enda. Dette kan snu.

Tett i toppen

Året som ligg føre oss kan bli interessant, for her er fire sterke merke som kjempar om teten. Ingen peikar seg ut som spesielt mykje sterkare enn dei andre. Vi vil heller påstå at det er nærare daudt løp etter to beskjende månader.

Best utgangspunkt har MF, når vi ser på statistikken for siste 12 månader, som du ser lengst nede i artikkelen. Der ligg den raude dryge 60 traktorar framom resten av feltet, med ein marknadsandel på over 19 prosent. John Deere, Valtra og New Holland er alle ein plass på 16-talet, med 15 traktorar i innbyrdes avstand. Det er lite.

Stø kurs for John Deere

Den tidlegare marknadsleiaren har sidan midt på fjoråret halde stø kurs nedover i marknadsandel for siste 12 månader. Rasvinkelen er påfallande stabil. Då nedturen starta var marknadsandelen kring 23 prosent. Klarer ikkje felleskjøpa å knekke kurva oppover att, er marknadsandelen 13 prosent for siste 12 månader i juni. Det trur vi ikkje kjem til å skje, for ting tyder på at det blir jobba intenst med å endre utviklinga.

Plass fem til ni

Denne gongen vil vi gi litt merksemd til merka på plassane fem til ni. Alle aukar marknadsandelen sin, altså gjer dei det betre enn totalmarknaden. Vi må også få framheve JCB på 11.-plass.

Marknadsandel eller tal traktorar?

Kva tal er viktigast å følgje med på? Vi kan illustrere med to døme. CaseIH har siste 12 månader fått registrert knappe 150 traktorar. Det er så godt som like mange som i same perioden i 2007/2008, og tyder såleis på at statusen er uendra. Ser vi på marknadsandelen, er det langt større grunn til glede: Den har gått frå 3,6 til 6,0 prosent. For Claas er situasjonen ein annan. Her er marknadsandelen 5,4 prosent både siste 12 månader, og i tilsvarande periode i 07/08. Altså har Claas klart å halde stand, men talet traktorar er redusert frå 225 til 131.

Nytt: Fullverdig statistikk for siste 12 månader

Bedre Gardsdrift får stadig gode tilbakemeldingar på statistikken vi publiserer. Det er ikkje godt nok for oss. Vi skal bli litt betre heile tida. Før har vi samanlikna tala siste 12 månader med tala for heile fjoråret og heile året før det. No går vi eit steg vidare, slik at vi heile tida har statistikk for siste 36 månader, fordelt på 12-månadersperiodar. Dette er unikt for statistikken hos oss, og gir etter vår meining eit enda betre bilete av situasjonen. Til dømes fangar denne statistikken opp alle unormale månader, og det er inga overlapping i talmaterialet. Etter vårt syn er det statistikken for siste 12 månader som er den interessante, for ser vi isolert på den enkelte månaden kan biletet fort bli feil.

Registreringsstatistikken siste 36 månader, fordelt på siste 12, førre 12 og dei 12 månadane før der att. (c) Bedre Gardsdrift. Kjelde: Opplysningsrådet for vegtrafikken.

Powered by Labrador CMS