loen10 038 n.jpg

Suksess for maskinutstilling i Loen

STRYN: Arrangørane er godt nøgde med maskinutstillinga i Loen i helga. I strålande ver strøymde det på akkurat passe mange folk til at maskinseljarane klarte å ta unna.

Publisert

Den første landbruksmaskinutstillinga i Loen lokka til seg både store og små.

Utstillinga i Loen er den første av eit treårig prøveprosjekt, der dei private forhandlarane av landbruksmaskiner i Sogn og Fjordane har gått saman for å prøve seg på eit nytt utstillingskonsept. Poenget er å få vist fram maskinene sine til dei som verkeleg er interesserte, utan at det kostar skjorta. Det heile føregjekk seg på den romslege plassen utanfor Stryn betong, til lukta av pinnekjøt frå slakteriet like ved, og med vafler frå den lokale hornmusikken ved kioskbordet.Forhandlarane melder om bra med folk alle tre dagane, og stor interesse for alt frå traktorar til kjettingar og sauegrinder.Utstillinga i Loen fann stad same helga som Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) si vestlandsavdeling har sitt årvisse treff på hotell Alexandra, med tilhøyrande anleggsmaskinutstilling. Dermed kunne dei som likar litt av kvart få nettopp det. Om eit par veker er det ein ny sjanse for maskininteresserte i området. Då er det Strynemesse, med tivoli og spekepølsesal og Strynedesign og det heile, og på ein parkeringsplass ved den vidaregåande skulen har maskinseljarane på Sunnmøre stemnemøte. At ikkje dei og fjordingane klarer å samarbeide er til å undre seg over, og det same gjeld dei grøn-gule. Dei har nemleg sitt eige opplegg utanfor butikken sin borti sentrum.

Powered by Labrador CMS