New Holland T7070 Blue Power
New Holland T7070 Blue Power

New Holland feirar med krom og lakk

New Holland feirar sigrane i Årets Traktor med to spesialutgåver av T7070 Auto Command og T7060 Power Command, lakkerte i ein Maserati-blåfarge og med ymse detaljar i krom.

Publisert

New Holland T7070 Auto Command er kåra til Årets Traktor for 2010 av leiande europeiske landbruksjournalistar, i ein jury der Bedre Gardsdrift er den norske representanten. 

I same tevling fekk traktoren utmerkinga Golden Tractor for the Design. Desse to utmerkingane, kombinert med at New Holland T7060 Power Command vart årets traktor for 2007, er bakgrunnen for spesialutgåvene av traktorane.

Fullspekka traktorar

Som det passar seg for spesialutgåver, er dei to modellane med tilnamnet Blue Power fullspekka med utstyr. Dei har aktiv føring, all vesentleg betjening skjer i det nye armlenet og via peikeskjermen, dei er klargjort for autostyring, og attpå alt kan du velje skinnsete.

New Holland T7070 Auto Command har trinnlaus transmisjon, ein transmisjon som fekk solide vitnemål i Bedre Gardsdrifts store trinnlaustest hausten 2009. Denne modellen har nominell effekt på 225 hk og maks effekt på 251 hk. New Holland T7060 Power Command har ein 19-trinns powershift-transmisjon, og nominell effekt på 213 hk.

Skryter av underleverandørane

I samband med lanseringa av spesialutgåvene skryter New Holland litt ekstra av underleverandørane sine. Motorane kjem frå søsterselskapet Fiat Powertrain Technologies (FTP). Bosch-Rexroth bidrar med komponentar i den trinnlause transmisjonen. Den elektroniske parkeringsbremsa er levert av SKF. Spesialutgåvene Blue Power vert leverte med dekk frå Trelleborg. 

Powered by Labrador CMS