JD 7920 Taarup Butterfly

Kor høg kan du vere?

Vegdirektoratet har foreslått ei maksimalhøgde på 4,00 meter for køyrety på norske vegar. I dag eksisterer inga slik høgdegrense. Dette kan bli ugreitt for visse landbruksmaskiner.

Publisert

Den blir fort over fire meter, men kva reglar skal gjelde då?

Forslaget har akkurat vore ute på høyring. Bakgrunnen for framlegget er dels ein ide om at ei maksimalhøgde vil sikre betre stabilitet på store køyrety, dels at det frå tid til anna skjer at høge køyrety øydelegg hindringar som går over vegen, eksempelvis bruer, eller armatur i taket på tunellar. Målet er først og fremst å få ei standard maks-høgde på lastebilar.

Konsekvensar for landbruket

Dette er ikkje noko stort problem innan landbruket, då flesteparten av våre maskiner er tilpassa ei maksimalhøgde på inntil 4,00 meter. Den høgdegrensa gjeld i det meste av Europa. Like fullt finst det utstyr som ragar over denne høgda, og for desse må det finnast ei teneleg ordning. Til dømes enkelte slepte eksaktsnittarar, breie river i transportposisjon og nokre slåmaskiner når dei er slått opp.

Ber om generell dispensasjon

På bakgrunn av det har Maskinstasjonsforeninga i Rogaland, Norges Bondelag og Bedre Gardsdrift sendt inn kvar sine høyringssvar, der konklusjonen er den same. Vi ber om at det også blir tenkt på konsekvensar og løysingar for landbruksmaskiner ved innføring av eit slikt regelverk, og vi meiner at det er høveleg med ei generell dispensasjonsordning for høge landbruksmaskiner, etter same mal som den for breie landbruksmaskiner som er under arbeid no.

Vil ta tid

Det er grunn til å tru at det tar si tid før det eventuelt blir innført noko høgdegrense, ikkje minst etter den massive og forståelege motstanden frå transport- og handelsnæringa. Mellom anna blir det peika på sakshandsamingsfeil og manglar i høyringsdokumenta.

Fornuftige argument

Vi som nyleg har arbeidd med breiddesaka, og minnest argumentasjonen der, må berre nemne at lastebileigarane også kan seie mykje klokt. I det felles høyringssvaret frå Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Hovedorganisasjon for handel og tjenester (HSH), Logistikk- og transportindustriens landsforening (LTL) og Dagligvarehandelens leverandørforening (DLF) finn vi desse sitata, som vi gjerne skulle sett at NLF også ytra i breiddesaka. I så fall ville vi vore heilt einige også der:"Vi mener at man prinsipielt bør unngå å møte ulovligheter med generelle tiltak som medfører kostnadsøkninger for andre aktører enn de som er årsak til problemet, i dette tilfellet transportører som utfører sin virksomhet på en lovlig og trafikksikker måte.""Forslaget framstår derfor som et kostbart teknisk tiltak med høyst diskutabel effekt både trafikksikkerhetsmessig og miljømessig."

BGs høyringssvar

Vegvesenet har ikkje lagt ut dei innkomne høyringssvara i høgdesaka. To av dei kan du likevel finne her.- Bedre Gardsdrifts høyringssvar- Høyringssvaret frå Hovedorganisasjon for handel og tjenester (HSH), Logistikk- og transportindustriens landsforening (LTL), Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og Dagligvarehandelens leverandørforening (DLF)

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS