nq rbf 066.jpg

Her er rundballekunsten

Den internasjonale rundballefestivalen i Fjærland er eit oppkome av artige påfunn med rundballen i sentrum. Her er bilete frå Bedre Gardsdrifts fotoraid til sognebygda.

Publisert

Det starta som ein reaksjon på debatten om at rundballane ikkje høyrde heime i kulturlandskapet. - La oss vise at dei både høyrer heime og kan vere eit positivt element, tenkte fjærlendingane. Difor har dei rundballefestival kvart fjerde år, og difor gjer dei sånne sprø ting som å pakke inn bondelagsleiaren og traktoren hans i rundballeplast, for å la ein av landets fremste fotografar ta bilete av han.

Og ikkje nok med det: Bøndene sjølve legg tankar i kor dei plasserer ballane sine, og unge og gamle køyrer på med fargar og kreativitet.

Klikk deg inn i galleriet vårt, og sjå kva dei finn på i rundballebygda!

Du kan lese meir om rundballefestivalen i Bedre Gardsdrift nr. 7 2010.

"
Powered by Labrador CMS