bg0310.jpg

BG 03/10: Design og jølstrageiter

108 sider med gardsanalyse, prøvekøyring av traktor, fokus på design, fakta om bruktimport og veldig, veldig mykje meir. Bedre Gardsdrift nr. 3 2010 er å finne i postkassen omlag no. 

Publisert

Bedre Gardsdrift nr. 3 2010

Framsida viser noko vi kan vere litt stolte av i landbruket. Norske leverandørar til landbruket evnar å hevde seg også på design, i konkurranse med aktørar i heilt andre bransjar. Dette gjeld både TKS Mekaniske og deira Underhaug-opptakar, norskutvikla skogsklede frå Stihl, og ei lang rekkje eldre produkt. Vi har tatt ein historisk gjennomgang.Geiter i Jølster Hilde og Ragnvald Søgnesand er driftige geitebønder, på ein liten grøn flekk mellom Jølstravatnet og bratte fjell. Det var ikkje gitt at dei skulle drive gard, men etter litt modning kom det fram ein sterk vilje, som har resultert i solid satsing. Bli med oss på gardsanalyse! Leiar Har du marginane på di side? Er det flaks eller førehandsreglar som gjer at det går bra? Småsmart Lars Sæther på Vinterbro driv med brøyting og korn, og det pregar ideane vi har funne hos han. Mens Simen Aanerud frå Skogbygda i Akershus bidrar med ei tømmerklo som er grei å ha i snørike år. Og gjerne også elles. Priskontroll på landbrukseigedom I serien om økonomiske spørsmål knytt til det å ha ein landbrukseigedom, går Olav Magne Tonstad gjennom opplegget for priskontroll på mindre landbrukseigedomar, og han svarer på spørsmål frå lesarane.Bruktimport Kor stor er bruktimporten? Kva merke og modellar blir bruktimporterte? Kor gamle er bruktimporttraktorane?Vi gir deg svaret. I tillegg ser vi om det er nokon direkte samanheng mellom valuta og bruktimport, vi drøftar spesifikasjonar på bruktimport, fortel kva maskinbransjen meiner er farane ved slike traktorar, og sjekkar rutinar for garantisaker.Claas Arion 540 Bedre Gardsdrift har prøvekøyrd den firesylindra Arion 540, og meiner å sjå skjulte kvalitetar på 155-hestaren med fjøring både her og der. Bonde i Canada Korleis er det å vere norsk bonde i Canada? Bjørn og Petter Kristianslund gir oss svaret. Dei har kjøpt 37 000 dekar kornjord over dammen. Lågare avlingar og lågare kostnader er berre litt av biletet.Treskaren styrer traktoren Siste steg i ny teknologi lar den eine maskina overta styringa av den andre. Systemet er fasinerande, men enno er ikkje alt heilt ferdig.Kols rammar bønder Alle veit at røyking kan føre til kols. Du er ikkje mykje betre stilt om du er husdyrbonde. Pass deg! Livet som lærling Jørgen Rustad frå Løten er lærling som landbruksmekanikar. Vi viser deg kvardagen for lærlingen, forklarer korleis du kan bli lærling, vi omtaler Traktorbransjens opplæringskontor, og fortel at dette er ein veg å gå for deg som vil vere sikra arbeid i framtida.Fôringslinje for 2500 rundball i året Orkla samdrift har plundra litt før dei kom fram til ei god løysing på grovfôrlinja si. Vi viser løysinga.Norske redskapsprodusenter Tunby AS har i 60 år levert utstyr og innreiing til fjøs og grisehus. Sett krav til settepoteten Skal du produsere kvalitetspotet, må du også ha rett settepotet.Steinfjerning på Jæren Leif Harbo har spett, men viktigaste reiskapen er to steinplukkarar av ulikt merke.Stopp brannen i sikringsskapet Ei norsk oppfinning oppdagar og stoppar brannen før den rekk å starte.Pløy grunnare, reduser dieselforbruket Inga bombe, det der, men vi trur nokre heilt enkle køyretips kan spare deg frå å sløse med dieselen.Sisu køyrer på med ved Bli betre kjent med Bala-Agri og Kisaved.Elho for nordisk gras Finske Elho går sine eigne vegar, og meiner å lage slåmaskiner, river og rundballepakkarar som skal ta betre vare på fôrkvaliteten.Tilleggsnæring: Skiløyper og hytter Ole Ringerud i Buskerud har tilleggsnæringa si i fjellet. Han starta med snøscooter og løypekøyring. No har han skitrekk og meir enn 100 hytter på eigedomen.Veteranen M.A.N. AS 325 A 1975-modell

Bedre Gardsdrift nr. 3 2010 er postlagt, og skal difor vere å finne i postkassen omlag no, vel å merke om du har vore framsynt nok til å sikre deg eit abonnement. Er du ikkje abonnent, finst der fleire fine løysingar. Den aller enklaste er å bestille eit abonnement her og no, ved å fylle ut namn og adresse her inne. Vil du derimot berre laste ned dette eine bladet, er det fritt fram her inne.

Og du: Ha ei fin påske!

"
Powered by Labrador CMS