Krone Comprima CF 155 XC kombipresse

Årets største grasdemo?

Fredag 11. juni blir det som truleg er den største grasdemoen i år avvikla. I Førde har fire forhandlarar vist sine gode evner, og samlar seg på same bøen til eit felles opplegg. 

Publisert

Arrangementet startar klokka 11, og går føre seg på Brulandsvellene i Førde. For deg som ikkje er heilt lokalkjent, er demo-feltet like aust for sentrum, langs E39, på motsett side av vegen i høve til Audi/VW-forhandlaren sitt lokale. Det er organisert både parkering og skikkeleg matservering, med alt frå grillmat til kaffi og kaker, og leskande drykk frå Tine.Grasdemoen i Førde er eit samarbeid mellom A-K maskiner, Eiksenteret, Maskinsenteret (Lantmännen maskin) og AMT maskin (HCP). Totalt er det venta 15 til 20 ekvipasjar av ymse slag, forutan eit variert utval traktorar.– Her blir konkurrerande maskiner køyrde side om side, slik at kunden får sjå kva som er skilnaden på utstyret i praktisk bruk, fortel arrangørane.Programmet ser slik ut:11.00 til 12.00 - slåmaskiner 12.00 til 12.30 - lessevogner 12.30 til 13.30 - river13.30 til 15.00 - presser

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS