Alo frontlaster 60 år gullmodell_1

Ålø satsar for fullt i Sverige

Ålø-konsernet samlar all reiskapsproduksjon i Kina, mens lastarane som før skal byggjast i Sverige.

Publisert

Ålø er i gang med å bygge ein ny fabrikk for reiskap som denne i Kina.

Lastarane vi kjøper her i landet, under varemerka Quicke og Trima, blir produserte i Umeå i Sverige. Sånn skal det vere også i framtida.Det er sett fram påstandar om at Ålø flaggar ut all produksjonen til Kina. Dette er sjølvsagt heilt feil.Det korrekte er at produksjonen av reiskap til lastaren, slik som skuffer, spyd, gaflar, klyper og så vidare, tidlegast frå 2011, bli produsert av ein fabrikk Ålø byggjer i Kina. Vel å merke driven og styrt av Ålø sjølv, med minst like strenge kvalitetskrav som no. Den nye fabrikken skal føre til lågare kostnader, meir rasjonell produksjon, og ein betre produksjonsprosess. Mellom anna gir den høve til ei ny og meir moderne lakkeringslinje. Eit av formåla med den nye fabrikken, er å sikre seg ein inngangsport til den stadig viktigare asiatiske marknaden. Difor er fabrikken også aktuell for lastarproduksjon, vel å merke for Kina og nærliggande land. Reiskapen skal derimot eksporterast til Europa, USA og øvrige marknader.Dette betyr at reiskapsproduksjonen på den tidlegare Vetofabrikken i Danmark blir lagt ned. Det same gjeld den tidlegare Trima-fabrikken i Bergsjø. Hovudfabrikken i Umeå blir ikkje negativt påverka av endringa.

Powered by Labrador CMS