god jul.jpg

God jul!

Både BG-nissane og BG-redaksjonen har tatt seg eit par dagar fri. I løpet av romjula skal nissane kåre vinnarane av BG-nøttene. Svaret på nøtta julaftan? Det finn du her.

Publisert

BG-nissane og BG-redaksjonen gjer noko så sjeldan som å ta eit par dagar ferie, alle saman på same tid. Difor vert ikkje gardsdrift.no oppdatert kvar dag framover, og det kan gå nokre dagar før vinnarane av BG-nøttene blir kåra.Det å kåre vinnarane av hovudpremien er dessutan ei tidkrevjande sak, for nissane vil forsikre seg om at alle som er kvalifiserte er med. Då må alle lister sjekkast for skrivefeil og dobbeltsjekkast minst ein gong eller to til. Mens du ventar på at nissar og redaksjonsmedlemmer skal kome i aktivitet att, kan du sjekke om du klarte bastarden i den 24. oppgåva. Under står svaret i tekstform. Du får svaret som bilete ein dag seinare.

Valtra tak, panser og høgre framhjul/-skjerm CaseIH panserside Massey Ferguson frontlykter, nedste del av grill og frontløft New Holland venstre bakskjerm, bakhjul, stigtrinn, framhjul/-skjerm, og tjukt eksosrør John Deere hytte (unntatt tak), inklusive arbeidslys framover og bakover, speglar, verktøykasse, dieseltank og tynt eksosrør

Alle vi i Bedre Gardsdrift ynskjer deg ei triveleg jul!

Powered by Labrador CMS