duun hmv q

Duun med forsterka kopling

All reiskap av nyare dato frå Duun har lik geometri på trepunktsfestet, og Duun har difor sine eigne tilpassa HMV-koplingar. No kjem HMV-ramma i ei enda sterkare utgåve.

Publisert

Den skal tole meir.

Grunnen er at traktorane blir stadig sterkare, reiskapen større og påkjenningane hardare. For å takle dette, og stadig ha høve til å bruke hurtigkopling, byggjer Duun ei enda kraftigare boltbar HMV-ramme.Den nye koplinga har eit sterkare toppstykke med eit grovt rør tvers over, for å tole større trykk og vriding. Geometrien i ramma er endra for å gi større klaring til kraftoverføringsakslingen. Den loddrette avstanden er 50 mm større enn på førre modell. Koplingsramma har dessutan breie anleggsflater for trekkstangboltane, for å gi stor slitestyrke. Holet for toppstagbolten er avlangt i høgderetninga. Sideveggane i koplinga er dobbeltbretta for maksimal styrke, og Duun har som vanleg brukt høgfast stål. Ramma passar på alle nyare reiskapar frå Duun, til dømes fres, skjær og vedmaskiner, og på gjødselpumper nyare enn 2009-modell.

Powered by Labrador CMS