knut evensen.jpg

Evensen til Fjøssystemer

Mange sauebønder med byggeplanar kjenner Knut Evensen frå Nortura. No har han flytta heim til Fåvang, og fått Fjøssystemer som arbeidsgivar.

Publisert

For Fjøssystemer betyr dette at dei satsar for fullt på sau. Med Knut Evensen på laget vil Fjøssystemer kunne tilby rettleiing og planlegging på bygningar og i-mek for småfebønder over heile landet, i tillegg til tilbodet firmaet frå før har retta mot andre dyreslag. Selskapet erkjenner at behovet for nybygg og fornying av bygningar og innandørsmekanisering for dei ullkledde er stort. Fjøssystemer har hovudkontor på Fåvang i Gudbrandsdalen, og er ein landsdekkande leverandør.– Arbeidet er i stor grad som det eg jobba med hos Nortura. Skilnaden er at eg no representerer eit firma som har produkt som skal seljast, mens eg hos Nortura var ein meir frittståande bygningsrådgivar. Grunnen til at eg skiftar jobb, er at eg ynskte å flytte heimatt til Fåvang. Eg har hatt gode år i Nortura, seier Evensen til Bedre Gardsdrift. Fjøssystemer omtaler seg sjølv som totalleverandør av både bygg og innreiing for to- og firbeinte.

Powered by Labrador CMS