Seksåring skadd av traktor

Til alt hell vart det berre moderate skader, då ein seks år gammal gut vart overkøyrd av ein traktor på ein gard i Tysvær i Rogaland i går.

Publisert

Guten leikte på tunet saman med ein eldre bror, då han snubla og fall mens traktoren rygga sakte bakover. Guten vart sendt til Haugesund Sjukehus, der det vert opplyst at han har moderate skader, melder Stavanger Aftenblad.Nettavisen kan fortelje at det var guten sin 61 år gamle bestefar som køyrde traktoren.

Powered by Labrador CMS