dalen 1518 bøyleq.jpg

No eller aldri!

Dalen vil for siste gong produsere ein serie av vernebøylar. Har du ein veteran utan den påbodne og livbergande bøyelen, må du skunde deg. 30. november er absolutt siste bestillingsfrist.

Publisert

Etterspurd førarvern kjem i ekstraopplag.

Denne ekstra-serien skuldast at kundar stadig spør etter Dalens ettermonterte vernebøyel. Eigentleg gjekk den ut av produksjon i 2007, men no kjem ei etterspurd ønskereprise.

Arbeidstilsynet krev at alle traktorar skal vere utstyrt med vernebøyel for å kunne brukast. Dette er eit krav også forsikringsselskapa er opptatt av.

Ferguson, Ford og Volvo

Vernebøyelen er godkjent for Ferguson TE-20 i ymse variantar, for MF 25, 30, 35 og 35 X, for Fordson Dexta og Super Dexta, og for Volvo BM T325 Krabat, Terrier og 320 Buster.

Enkel og nedfellbar

Den velkjente bøyelen er enkelt og greitt eit solid rør, bøygd og montert som ein opp-ned U, med festebrakettar skrudd til bakakslingen på traktoren.

Om du brukar gamletraktoren til å køyre gjennom veldig låge opningar, kan bøyelen midlertidig fellast ned. Då tar du ut to boltar, og det er alt. Hugs alltid å vippe oppatt bøyelen etterpå.

Prisen på bøyelen er 5900 kroner, pluss frakt og moms. Bøyelen er klar til levering frå februar 2010, men siste bestillingsfrist er altså 30. november 2009.

Powered by Labrador CMS