rundballepakker ehlo satelitt

Lena tar Elho

Lena Maskin overtar agenturet på Elho grasmaskiner. Samarbeidet er så ferskt at det enno ikkje er signert nokon avtale, men dette sikrar vidareføring av det finske grasutstyret i Noreg.

Publisert

Verken Lena eller Elho veit sikkert kva produkt som blir med i den nye avtalen, ut over at det er mange interessante reiskapar å forhandle om.

På Agroteknikk står ein Elho rundballepakkar på Lena Maskin sin stand, og alt ligg til rette for eit breiare sortiment i framtida.

Elho sto brått utan norsk importør då dei vart oppsagt av Lantmännen Maskin for kort tid sidan. I sortimentet frå den finske produsenten finn vi slikt som rundballepakkar, pølsepakkar, skiveslåmaskin, kantklippar, beitepussar, silojamnar, halmballkuttar, doseringspumpe for ensileringsmiddel, river, rundballehandteringsutstyr, dobbeltkuttar og skårvendar.

– Vi har ikkje avgjort kva produkt som er aktuelle for oss, og vi har heller ikkje sluttforhandla nokon avtale. Det som er sikkert, er at vi overtar som importør og forhandlar av Elho, seier Thorleif Bjørnstad i Lena Maskin AS.

Frå før har Lena mellom anna grasutstyr frå Fella. Elho og Fella har ein del produkt som overlappar, men er på same tid såpass ulike at dei i vel så stor grad utfyller kvarandre.

Powered by Labrador CMS