reg-ill09

Første halvår tilbake 28 prosent

Der det i fjor vart registrert 10 traktorar, er det i år registrert sju. Alle vesentlege merke går tilbake, men New Holland utmerkar seg stadig. John Deere er som vanleg størst.

Publisert

Sånn har det vore i heile år: Eitt merke står han av. New Holland har klatra til andreplassen, er i særklasse best på å auke marknadsandelen, og har nesten ikkje endra talet registrerte traktorar frå i fjor. For å vere heilt konkret: New Holland er tilbake 10 traktorar, mens dei tre andre store fell med mellom 100 og 200 traktorar. Reint bortsett frå eit hopp i februar, er dessutan den blå traktoren veldig stabil frå månad til månad.

Hjort i solnedgangJohn Deere er solid i tet, for tida med ei leiing på 90 registrerte traktorar. Mindre triveleg for felleskjøpa er det nok at merket har gått tilbake mest av alle i marknadsandel, og mest av alle i tal traktorar. Førsteplassen er ikkje lenger like suveren, og talet traktorar siste 12 månader er langt under dei gylne åra 2005, 2006 og 2007. Held trenden frå første halvår seg, får John Deere det dårlegaste året i Noreg sidan skilsmissa mellom Valtra og Felleskjøpet.

Den raude ser blåttMassey Ferguson må sjå seg slått av Eikmaskins tidlegare sjef, så vidt det er: To traktorar skil rivalane New Holland og MF på andre og tredje. Utviklinga for Massey Ferguson er vanskeleg å seie, for her er det hopp og sprett kvar månad.

Valtra i klisteretAvstanden til fjerdeplassen og Valtra er stor. Finnen har møtt motbakke i år, og er det av dei fire store med størst prosentvis tilbakegang. 163 registrerte så langt i år mot 265 til same tid i fjor, det er ikkje noko å vere stolt av. Det skal rett nok seiast at Valtra har nye modellar i vente, med lenge etterlengta transmisjonsendringar, men det skal mykje til å snu tal som dette.

Mellomklassen I gruppa frå femteplass til tiandeplass har vi merke med omlag 40 til 70 nyregistrerte første halvår. Her er det meir stabilitet, og tilbakegangen er mindre enn totalmarknaden, slik at marknadsandelane aukar. Dette gjeld med eitt unntak: McCormick. Her er vi nær ei halvering i talet på nye traktorar.Også eit anna merke peikar seg ut, i motsett retning. Fendt er nest etter New Holland det merket som taper minst.

Dei småFrå plassnummer 11 til nummer 22, er det mange verkeleg små produsentar. Her kan vi ikkje snakke om dei store endringane.

Korleis blir 2009? I fjor og i 2006 viste registreringstala første halvår 52 prosent av resultatet for heile året. I 2007 utgjorde januar til juni 48 prosent av totalen. Med andre ord: Resultatet for første halvår kan omlag gangast med to, så har du heile året. Så spørst det om 2009 oppfører seg normalt ut året. Om finanskrisa fell ut av manns minne i løpet av hausten, om avlingane blir gode og om til dømes Agroteknikk kan dra opp stemninga. Skulle ingen av desse slå til, må vi vente oss ein totalmarknad på kring 2800 traktorar. Då er vi på same nivå som i 2000 og 2001 (2897 og 2859). Desse to er den førre botnen i dei regelmessige svingingane traktormarknaden opplever. All statistikk Bedre Gardsdrift sit på, viser at pilene peikar oppover nokre år, for deretter å ligge litt stabilt, og så peike nedover ei stund. Sånn sett er det einaste spesielle med 2009 at nedoverpila er brattare og kraftigare enn ein normalsyklus tilseier, men du skal vere bra blind for utviklinga om årets registreringstal overraskar mykje.

- Vi har så store ordrereservar Vil du høyre noko artig, må du spørje importørane om kvifor dei går så mykje tilbake.- Joda, det ser litt dårleg ut no, men vi har store ordrereservar, så dette tar vi inn, seier ein.- Ja, om han seier at han har ordrereservar, har faktisk vi ei mengde med traktorar i fabrikkbestilling, så med oss kjem det til å gå retteleg bra, seier ein annan. Og slik held dei fram, alle saman, til vi har ein totalmarknad på godt over 150 prosent. I fjor var problemet at fabrikkane hadde lange leveringstider, men når traktorane kom, skulle alt bli tipp topp. I år er det nok andre grunnar.Vi i Bedre Gardsdrift held oss til realitetane, og dei kan einast målast på ein måte: Registreringsstatistikken. Her ligg ikkje eit einaste sal, forventa sal eller nokon som helst slags ordrereserve inne. Det er akkurat som med folketeljinga: Påbegynte svangerskap eller planer om produksjon av barn tel ikkje. Berre individ som faktisk eksisterer i landet.Av traktorane er storparten kundeselde. Nokre få er demotraktorar. Det med å oppregistrerte fullt av demotraktorar kan virke inn ein enkelt månad, men ser vi siste 12 månader i samanheng, har det ingenting å bety. Ei ulempe med registreringsstatistikken, er at det kan gå opptil fleire månader frå eit sal er signert til traktoren er i tabellen. Sånn er det, og her er vilkåra like for alle. Straks kunden får skilt på traktoren sin, er den i manntalet.

Powered by Labrador CMS