samsung vs nokia

Den nye bondemobilen?

Bedre Gardsdrift har sett Samsung B2700 på prøve. Kan den koreanske nykomaren overta trona etter Nokia 5140 som den norske bondemobilen?

Publisert

Det er rett å stille tøffe krav til ein god bondemobil.

Her er fleire bilete, og ei kjapp forklaring på nokre pluss og minus i karakterboka til dei to.

Dette er berre eit utdrag med nokre detaljar. Heile testen finn du i Bedre Gardsdrift nr. 6 2009, og der er ein grundigare omtale av dei fleste funksjonane. Pluss konklusjonen vår: Er det rett å kjøpe Samsung B2700 om du treng ein skikkeleg bondemobil? Abonnentar får bladet i posten i månadsskiftet august/september. Du kan også kjøpe bladet her.

" Karakterskalaen er den velkjente frå traktortestane våre, altså slik:++ veldig bra + bra 0 ok - under gjennomsnittet -- dårleg--- katastrofe

RivalaneDei to testa telefonane er ein ny Samsung B2700 mot ein fem år gammal Nokia 5140i, som har lagt bak seg 1100 timar samtaletid og kring 44 000 timar på standby. Nokiaen er i original stand, og har einast fått nytt deksel ein gong.

Ladetid Samsung --- 3:10 Nokia ++ 1:03Begge telefonane var så utlada at dei slo seg av sjølve. Så lada vi til dei var heilt fullada, med telefonen påslått og på standby, men utan å bli brukt. Ladetid er etter vår meining ein vesentleg eigenskap for ein arbeidstelefon, og Nokia knuser Samsung totalt.

Batterilevetid Samsung -- Nokia ++Samsung er sikkert ikkje så ille mot mange av dagens smarttelefonar, men i konkurranse med Nokias gamle solide blir den nok ein gong banka grundig. Ved identisk bruk kan Nokiaen vare i fire døgn, mot knappe tre hos Samsung. Det blir ikkje betre av at Samsung etter omlag eitt døgn har att ein strek på batteriindikatoren. Altså veit du aldri sikkert kor lite batteri du har att på Samsung.

Tastelås Samsung -- Nokia ++ På koreanaren må du halde nede * i mange sekund for å slå av eller på tastelåsen. Vel du automatisk lås, går den på etter 15 sekund - same kva du driv med. På Nokia trykkjer du og *, fort og greitt, for å slå av eller på. Automatisk lås går berre på når du ikkje er inne i nokon funksjon, og du vel sjølv når den går av eller på.

Tastatur

Ein bondetelefon bør tole nesten alt.

Samsung + Nokia -Samsung har store og greie tastar og er grei å skrive på. Trekk fordi bakgrunnslyset på tastane ikkje alltid slår seg på. Nokia har nokre tastar som er veldig ugreie, nokre som er heilt greie, og trykkemotstanden er mindre.

Lommelykt Samsung ++ Nokia -Sjå bildegalleriet vårt, så forstår du.

" SMS/MMS Samsung + Nokia -Samsung får under tvil ein pluss. Tvilen er pga lite logisk ordbokfunksjon, og lite logisk veksling mellom store og små bokstavar og tal. Nokia får trekk fordi den er lite eigna til MMS-handtering, mellom anna pga skjermen, og fordi meldingshandteringa er prega av at telefonen er fem år gammal.

Internett Samsung ++ 3G Nokia -- GPRSTrass ein dårleg nettlesar, får Samsung dobbeltpluss - rett og slett fordi vi kjapt og greitt kan sjekke vêrmeldinga og slikt vi elles tykkjer er nyttig. Nokiaen er så treig at du sovnar mens du ventar.

Radio Samsung 0 Nokia ++ Begge må vere tilkopla handsfree pr. kabel for at radioen skal virke. Det er for så vidt eit minus, men gir samstundes den beste mottakskvaliteten. Problemet er dårlege kontaktar. På Nokia er det berre å dytte på plass kontakten om den fell ut, og du kan halde fram å høyre på radioen. Du kan skifte kanal med knappen på mikrofonklumpen, og stort meir funksjonar treng du ikkje. Samsung har RDS, men ved dårlege forhold prøver den å skifte til andre kanalar heilt umotivert. Fell handsfreekontakten ut, må du slå av tastelåsen for å slå på radioen att. Altså tilrår vi bruk av teip, for kontakten til handsfree-en sit veldig dårleg. Trykkjer du på knappen på mikrofonklumpen, skiftar du ikkje kanal. Nei da, du ringjer den du sist ringte.

Soliditet Samsung ++ Nokia + Den finske telefonen har overlevd fem år med temmeleg hard bruk, takka vere solid innmat. Dekselet får telefonen til å sjå ut som ei sliten fille etter kort tid, og må difor skiftast av og til. Om du ikkje vil ha ein telefon som er seig av teip, då. Samsung har så langt tolt alle fysiske påkjenningar utan protest, og den ser lite prega ut.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS