fartsskrivar traktor

Krav om skrivar?

Er du møtt med krav om skrivar eller løyve, når du køyrer traktor lags veg? Bedre Gardsdrift får årleg fleire tips frå folk som opplever dette, og vi vil gjerne snakke med fleire.

Publisert

Om du er blitt stoppa i år eller for fem år sidan spelar ingen rolle for oss. Vi ynskjer kontakt, for å få godt grunnlag i vårt vidare arbeid med saka.

Vi har frå før ymse saker om folk som er stoppa med traktor under rundballekøyring eller massetransport i vårt arkiv. Samstundes veit vi at det er mange fleire som har møtt dette problemet, som vi er sikker på har nyttige erfaringar å bidra med.

Om du sjølv ikkje er pålagt skrivar eller avkrevd løyve, men kjenner til slike saker, er også det verdifull informasjon vi gjerne tar imot.

Truleg har vi straks eit godt svar på kva lovverket eigentleg seier, men vi arbeider grundig. Dessutan skal du vere trygg på at vi behandlar kjeldene våre på ein ryddig måte.

Ring 90 64 65 53 eller send epost til jogeir (a) askmedia.no, om du har erfaringar.

Powered by Labrador CMS