nh t6040 elite v et

Vinn ein traktor i 30 dagar!

Send oss trygge og lure idear! Er du bonde og sender oss tips om gode idear, kan du vinne ein New Holland T6040 med lastar i 30 dagar.

Publisert

Har du sjølv ein god ide eller fleire, eller kjenner du nokon som har det, må du nytte sjansen no. Send eit tips til Bedre Gardsdrift, og gjer det fort. For første gong presenterer vi ein komplett traktor som premie.

Alle som deltar, bonde eller ikkje, er dessutan med i trekninga av to sikkerheitspakkar verd kr 1500.

" Jakta på dei gode ideane Tema for konkurransen er gode idear og tekniske/praktiske løysingar, med vekt på sikkerheit. Grensene for kva som passar inn her er ganske vide. Det kan vere ein pennehaldar i traktoren, som sikrar at du lett finn pennen for å notere lass under siloslåtten. Kan hende har du ein smart metode for å sjå at vegen er klar når du skal svinge utpå med treskaren. Å putte tenningsnøkkelen i lomma når du skiftar olje er eit heitt tips. Eller du har bygd ein fjøs som er lettstelt og sikker både for folk og fe. Eigne konstruksjonar, alternativ bruk av ting som er å få kjøpt, metodar for korleis du gjer ein arbeidsoperasjon, praktiske tips i kvardagen eller komplekse sjølvbygde ting. Alt kan sendast inn.

Vi vil ta godt vare på lesarane våre Vi vil altså ha alt frå dei aller enklaste småsmartløysingane, til dei heilt store tinga. Einaste fellesnemnar er at ideen skal vere slik at den er trygg å bruke, eller at den gjer arbeidet ditt tryggare. Vi er nemleg glade i lesarane våre, og vil hjelpe med å formidle tips og idear som kan gjere kvardagen enklare og tryggare for alle.

Slik deltar du For å delta sender du oss ei forklaring på kva ideen går ut på. Det beste er om du legg ved bilete eller ei teikning. Du kan sende inn eigne idear, og gjerne også andre sine lure løysingar.

Det er god sjanse for at Bedre Gardsdrift presenterer ideen din i bladet.

Siste frist for å delta er 12. mars, men vi tar alltid imot gode tips av alle slag!

Send inn slik: Du kan enkelt og greit fylle ut følgende skjema her på nettet." Vil du sende epost, bruk adressa magnus@askmedia.noDu kan også delta med å sende ting på gamlemåten. Då er adressa Bedre Gardsdrift v/ Magnus Østby Rosksletta 28 4365 Nærbø

Konkurransereglane ser du ute til høgre. Premiane kan du lese meir om her.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS