Vinn_en_traktor

Tre finalistar er klare

Snart får ein av våre dyktige lesarar telefon frå Bedre Gardsdrift. Redaksjonen klarte etter mykje arbeid å plukke ut 16 finalistar. No har juryen arbeidd seg ned til tre, så no skal det trekkjast lodd.

Publisert

Responsen på konkurransen har vore svært god, og det er ingen tvil om at her er mange gode idear i omløp hos norske bønder.

Juryen består av representantar frå Bedre Gardsdrifts redaksjon, og fagsjef Jan Elgvang i Landbrukets HMS-tjeneste. - Dette er ikkje enkelt, fastslår han mens juryen strevar med å få 16 finalistar til å bli tre.

Ideane som er sende inn spenner frå det svært enkle, der ideen kanskje er noko så enkelt som å gjere ting litt annleis enn elles og bruke slikt du har frå før, til elektroniske løysingar som vi ikkje har sett tidlegare. Innimellom alt dette er det rikeleg med gode klassiske Småsmartløysingar, og ein heil del gode greier du heilt sikkert kjem til å sjå i Bedre Gardsdrifts spalter.

Ein av dei næraste dagane skal tre lappar leggast i ein hatt. Så trekkjer vi traktoren. Det står klar hos A-K maskiner på Kløfta, ferdig klargjort med elektronisk lastarspak, hyttefjøring og Elite utstyrspakke.

Powered by Labrador CMS