Vinn_en_traktor

Premietraktoren skal til Gaupne

I ein månad i sommar har Hans Edin Prestegård og sonen Hermund ein splitter ny New Holland T6040 Elite med Trima frontlastar til fri disposisjon, etter å ha deltatt i Bedre Gardsdrifts konkurranse.

Publisert

Hermund og Hans Edin Prestegård ved ideen som gir dei gratis traktor i ein månad.

Så enkelt: Ein rørstubb i tårnet på hurtigkoplinga, og rør og kablar blir ført gjennom.

Vinnarideen er ein av dei aller enklaste vi fekk inn. Den består av ein stutt stubb av eit rør på omlag 10 cm i diameter. I rørstubben er det bora hol til ein toppstagbolt, så er røret festa til tårnet på traktordelen av hurtigkoplinga. Er traktoren er kopla til hengar eller annan reiskap med hydrauliske slangar eller elektriske kablar som bør førast fram på sikkert vis, blir desse tredd gjennom rørstubben. Dermed er det ingen risiko for at dei kjem i klem eller hektar seg fast, eller at straumkabelen skal slepe etter bakken.

Mjølkebonde i indre Sogn

Her er premien: Ein New Holland T6040 Elite frå A-K maskiner.

Hans Edin Prestegård frå Gaupne i inste enden av Sognefjorden var av dei som sende oss fleire gode idear, delvis takka vere god innsats frå sonen Hermund. Innsatsen betalte seg. I ein månad i sommar har dei premietraktoren frå New Holland og A-K maskinen til fri bruk.- Eg håpar den har god kjøling og bra bremser, for vi har nokre seige bakkar til jorda vi driv oppi fjellet, smiler mjølkebonden. Garden er nemleg todelt: Noko av jorda ligg kring tunet nede i bygda, mens resten er innti sju kilometer unna oppi fjellet. For å kome dit må dei køyre ein veg som kan seiast å vere i slektskap med Reodor Felgens gardsveg. Familien er kjent med italienske traktorar. Hovudtraktoren i dag er ein Lamborghini 1300 på 130 hk, med ein 90-henstars Lamborghini som nummer to-traktor. I tilleg har dei eit par Fiat-traktorar av litt eldre årgang.

Mange smarte løysingar

Landpostbod Torill Andal Olsen trekkjer vinnaren av traktoren, med bistand frå Mård og Ingrun.

Både vinnarideen og fleire av finalistane blir presentert i førstkomande Bedre Gardsdrift. Du kan også rekne med å lese meir om ei lang rekkje av ideane vi fekk inn i framtidige utgåver av bladet, for responsen på konkurransen er solid. Og ideane som kom viser at det finst mange gløgge bønder over heile landet. Her er mange skikkeleg gode løysingar. Alt frå dei aller enklaste tipsa, til slikt som krev kyndig handtering av sveiseapparat og gjerne nokre gode konstruksjonsteikningar, eller tips til produkt som enno ikkje eksisterer.

Powered by Labrador CMS