jd 7430 frontpakk kvl tvilling bak gps 06

Bakgrunn: Tvillinghjulsaka

Slik oppsto saka om tvillinghjula. Det har i omlag ein månad vore stor uvisse kring om vi framleis kan køyre med tvillinghjul på veg, men no er dette avklara fram til nye reglar er vedtatt.

Publisert

Det heile starta for alvor med den mykje omtalte femkilometersbrosjyra. Etter mange innspel frå fleire hald bestemte Samferdsledepartementet i februar at det skal vere lov å køyre inntil 34 kilometer om gongen med landbruksmaskiner som er mellom 2,55 og 3,50 meter breie, i staden for fem kilometer som brosjyra slær fast. Dette som ei mellombels ordning mens ei arbeidsgruppe arbeider med framlegg til ei permanent løysing på saka.

" Formuleringa som gjekk utI samband med dette har eit nytt problem dukka opp. Vegdirektoratet skriv nemleg i sitt brev der dei informerer om den endra tolkinga at selve traktoren kan ikke være bredere enn 2,55 m, hjulene medregnet.

Vegdirektoratet: Nei til tvilling Denne formuleringa blir både av saksbehandlaren sjølv og vegvesen-tilsette tolka til at tvillinghjul ikkje er lov, om totalbreidda kjem over 2,55 meter. Dette betyr i så fall at regelverket blir handheva på ein ny måte, og langt strengare enn tidlegare. Vegdirektoratet peikar på departementet, og seier at beskjeden om maksbreidda på traktor kom derifrå. Tolkinga fører naturleg nok til sterke protestar frå landbruket. I første møte i gruppa som skal arbeide med breiddeproblematikken er tvillinghjul tatt opp, og Bedre Gardsdrift har arbeidd aktivt frå sin kant for å få ei avklaring.

" Brevet frå departementet I brevet departementet sendte Vegdirektoratet er også traktorbreidda nemnt, med følgjande formulering: Departementets forståelse er at dispensasjonsadgangen gjelder for landbruksmaskin. Det vil si at selve traktoren fortsatt må være innenfor 255 cm bredde. Med andre ord nemner ikkje departementet hjul i sin tekst.

Departementet meinte å vere fortalt at regelverket er tydeleg på breidder for traktor, men Bedre Gardsdrift mistenkjer at følgjande har skjedd: Typegodkjennigsreglane er nokolunde klare, og seier at du ikkje får typegodkjent ein traktor som er breiare enn 2,55 meter. Dette er knytt til ei anna forskrift. Bedre Gardsdrift har ikkje klart å finne noko, verken av rettleiing eller dom, som tilseier at traktor ikkje kan vere breiare om traktoren blir brukt som den landbruksmaskina den faktisk normalt er.

Kor brei traktoren er i bruk, er i alle høve eit sprikande emne. Nokre representantar for Statens Vegvesen meiner konsekvent at traktor inklusive eigne dekk ikkje kan vere breiare enn 2,55 meter. Over det meste av landet blir det slått fast at tvillinghjul er uproblematisk ved fornuftig bruk, og mange godtar også køyring med breidekk, også om traktoren då blir breiare enn 2,55 meter. Alt dette er knytt til landbruksdrift.

Det er gjengs oppfatning av at til dømes massetransport av slikt som grus, og ordinær transport av eksempelvis korn og gjødsel til handelspartner langs veg er situasjonar der maksimal breidde ikkje skal vere over 2,55 meter, og det synet er også i stor grad akseptert av landbruket.

Uvissa er oppklara2. mars er Bedre Gardsdrift atter i kontakt med statssekretær Geir Pollestad i samferdsledepartementet, som svarer klart og greitt etter litt tenkjetid: Tvillinghjul og breidekk er lov, dersom også reiskapen er brei. I tilfelle der tvillinghjul er naudsynt av omsyn til tryggleiken, eksempelvis slått i bratt bakke, forventar han at regelverket blir handheva fornuftig og fleksibelt.

Formuleringa som blir sendt ut frå departementet neste dag, lyder slik:

(...) har det blitt vedteke å tillate at traktor med påmontert tvillinghjul eller breihjul kan køyre inntil den same strekninga på offentleg veg, dersom traktoren er påmontert landbruksreiskap som er minst like breitt som traktoren med tvillinghjul/breihjul.

Powered by Labrador CMS