toty

MF og New Holland har best design

Som ein del av Årets Traktor-kåringa blir det delt ut pris til traktoren med best design, i år er delt mellom MF og New Holland. Beste spesialisttraktor er New Holland T4050

Publisert

Golden Tractor for the Design, er den offisielle tittelen på prisen både Massey Ferguson 8690 og New Holland T6080 kan smykke seg med. Dette er faktisk andre år på rad, og totalt tredje gong, New Holland får denne prisen. Første gongen var i 2004, då TSA 135 vart heidra. I fjor vart T 7060 både Årets Traktor og vinnar av best design.

Kåringa av beste spesialisttraktor har ikkje vi brukt mykje tid på i Bedre Gardsdrift, då dette i stor grad er smalsportraktorar for frukt- og vinproduksjon lengre sør i Europa.Vinnaren i denne klassen er smalsporutgåva av New Hollands T4000-serie, personifisert med T 4050 F.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS